13.01.2015 Views

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

esøk i etterverda 182 . Slik byrjar skiljet mellom myte, historie og dikting å tre fram hjå Dante,

noko som må vere knytt til det nye historiske medvitet til duecento- og trecentomennesket.

Den overlagte bruken av klassisk kjeldemateriale, f. eks. vegvisaren Vergil, er eit anna viktig

aspekt ved Divina Commedia som det historiske medvitet viser seg i. Eit anna viktig moment

som skil Dantes dikt frå for eksempel Tundals visjon er betoninga av enkeltpersonar i

forteljinga. I nesten alle sirklane av Helvete møter Dante både namngitte personar og

enkeltpersonar som fortel om lagnaden sin, medan forfattaren av Tundal skildrar syndarane

gruppevis, og svært sjeldan som enkeltindivid. Dietrichson meiner dette understrekar at alle

var like for Gud, som ein motsetnad til den hierarkiske strukturen i samfunnet for øvrig 183 . Eg

kjem seinare i oppgåva inn på seinmellomalderens vektlegging av enkeltindividet i

motsetning til kollektiviseringa i den tidlegare mellomalderen, som eit retorisk grep

muliggjort mellom anna av filosofiske og stilmessige endringar.

Vi skal sjå at Paulus’ openbaring, Tundals visjon og St. Patricks Purgatorium alle har

medverka som inspirasjonskjelder for, og direkte eller indirekte vore med på å utforme

bakgrunnsmaterialet for helvetesframstillingane i den italienske trecentokunsten. Men Dantes

Divina Commedia står i ei særstilling også her, då to av dei florentinske kunstverka i utvalet

er meir direkte inspirert av diktet: Helvete i Strozzikapellet i Santa Maria Novella, Firenze er

ein rein illustrasjon av diktet, der strukturen i verket trufast er skildra visuelt (fig. 33 til fig.

37). I Helvete i Sta Croce, Firenze, er Dante nytta på ein meir metaforisk måte: kronologien

og komposisjonen i Divina Commedia er ikkje tatt omsyn til, medan menneske og scener er

bruka for å gje verket eit rikare innhald (fig. 32) 184 .

Verkets meiningsinnhald og interesse er alt for omfattande til å kunne kommenterast vidare i

denne oppgåva. Den Guddomlege Komedien vert difor berre bruka som relevant

bakgrunnsmateriale i analysen av biletverka. Eg gjev her eit kort referat av denne skildringa

av Helvete, med vekt på Dantes klassifikasjonar av synder og pinsler:

I byrjinga av Divina Comedia finn Dante seg sjølv villfaren av synd og tvil i eit framand

landskap. Her møter han tre villdyr: ein panter som symboliserar kjøtslysta, ei løve som

182 Kren & Wieck, 1990, s. 6

183 Dietrichson, 1984, s. 14

184 Ulrike Ilg, ““Multum valet laicis, qui similitudinibus gaudent externis… “ Andrea di Ciones Fresko des “Inferno” in Santa

Croce als Mittel der Katechese”, Bruckmanns Pantheon: internationale Jahrezeitschrift für Kunst, 56, 1998, s. 12; Gert

Kreytenberg, “L’enfer d’Orcagna: la première peinture monumentale d’après les chantes de Dante“, Gazette des Beaux Arts,

114, 1989, s. 256-257

43

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!