13.01.2015 Views

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

nokon å gløypa". Her er Djevelen etablert som ei løve, som sluker og fortærer. Schmidt

påpeiker at draken i litteraturen utkonkurrerte løva som metafor på ”fortæraren”, og ofte vart

sitert som vesenet som truga med å oppsluke den fordømte sjela 552 . Draken kjenner vi også frå

mellomalderen som kampmotstandaren til tapre riddarar. St. Georg drakedreparen redda ei

prinsesse frå å bli slukt av ein drake. Drakens motstanderrolle er etablert, og dermed

konnotasjonane til Satan, ved at det hebraiske ordet ”Satan” tyder ”motstandaren”. Draken har

såleis ein integrert plass i førestillinga om Satan. I dei aktuelle kunstverka er dei ein del av

satanframstillingane ved at dei fungerar som sete/ trone for Satan, kjem ut av øyro hans, og

sluker eller bit syndarar på same måte som, eller i staden for Satan.

Leviatan og Helvetesmunnen

Både i skriftene og i visuelle framstillingar har draken nær tilknytning til sjømonstret

Leviatan. I Det gamle testamente finst skildringar av havmonstret Leviatan; "den lettfarande

drage" og "den buktande drage", som Gud (Jahve) seriar over i skapingsforteljinga 553 . I Det

gamle testamente vert Leviatan saman med draken og slangen såleis teikna som opphav til

vondskapen i verda. Schmidt viser at monstret Leviatan var eit viktig ledd i utviklinga av

biletet av Helvetesmunnen. I tidleg kristen kunst vart han framstilt som eit drake-liknande

vesen, dels krypdyr, dels krokodille, dels fisk, og somme tider dels løve 554 . Dette opphavet

kan vere med på å forklare hybridane og krypdyra i Baptisteriet, men også dei opne gapa i

Pisa og San Gimignano (fig. 30 og fig. 43). Desse er ikkje krypdyr- eller slangeliknande

vesen, men krokodilleliknande gap utan kropp, som det står flammar ut av og som fortærar

syndarar. Vi har sett at både slangen, løva, draken og Leviatan vart identifisert med Satan.

Særleg kjennast draken og løva ved at dei sluker og fortærar, og det synast som om denne

eigenskapen er den som vert samla i førestillinga av Leviatan.

Leviatan: Helvetesmunnen som levande vesen

Mellom anna gjennom dei tre ansikta (og dermed munnane) har vi tidlegare sett at fortærarrolla

til Satan er ein av dei viktigaste eigenskapane hans som skremmande beist, og at dette er

ein eigenskap som også andre beist i Helvete har. Vi skal no sjå på fenomenet

Helvetesmunnen som heilt har utgangspunkt i ei slik rolle: det gjennomgåande elementet hjå

Helvetesmunnen er at det sluker og svelger syndarar, uavhengig av om den er eit levande

vesen eller ein geografisk stad. Dette har samanheng med den nære tilknytninga til

552 Gary D. Schmidt, The iconography of the mouth of Hell, London, 1995, s. 41

553 Sal. 74:14. Sjå også Jes. 27:1; Esek. 29:3; 32:2; Job 3:8; 40:20-28

554 Gary D. Schmidt, The iconography of the mouth of Hell, London, 1995, s. 47

124

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!