Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side
Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side
Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
3 Skildring av verka

3.1 Baptisteriet i Firenze, Coppo di Marcovaldo, 1270-90

Heile takkuppelen i Baptisteriet i Firenze er dekt av eit enormt biletprogram i mosaikk.

Programmet er ei feiring av døyparen Johannes som Baptisteriet er tileigna, og som er

skytshelgen for Firenze. Samtidig framstillar det frelsingshistoria frå verda vart skapt og til

Dommedag. I følgje Hueck var mosaikkane i Baptisteriet dei fyrste postantikke dekorasjonane

som medvitent søkte koherens med bygningsstrukturen 205 . 10 eller 20 år seinare gjekk

Cavallini og Giotto vidare med meir rasjonelle arkitektoniske system. Både datering og

attribusjon av verket er omdiskutert. Ein inskripsjon på mosaikken i apsisen indikerar at

dekorasjonsprogrammet var påbyrja i 1225, og i følgje Giovanni Villani var mosaikkane i

hovudkvelvet ferdige i 1325 206 . Vasari og andre 1500-tals kunsthistorikarar har framheva

Andrea Tafi som meistaren til dommedagsframstillinga, og han er referert til som samtidig

med Cimabue og Gaddo 207 . I følgje Anna Maria Giusti er det sannsynleg at Tafi var involvert

i arbeidet i Baptisteriet, men på eit seint stadium, då han er nemnt i laugsoversiktene over

florentinske malarar i 1320, og 1329-30 208 . Dommedagsscenen er generelt oppfatta som eldre

enn scenene i dei andre segmenta i kuppelen, og Toesca har, utan noka spesiell attribusjon,

påpeikt dei ulike måtane bysantinske modellar er tolka av kunstnarane som har jobba med

dommedagsframstillinga 209 . Andre som følgjer Toesca i dette har foreslått eit samarbeid

mellom fleire meistarar i produksjonane av dommedagsframstillinga (Salmi (1930/31),

Ragghianti (1955) og Boskovits (1983)) 210 . Gjennom ei stilistisk analyse attribuerte Longhi

helvetesframstillinga for fyrste gong til Coppo di Marcovaldos krins 211 . Denne oppfatninga er

vidt akseptert, og i følgje Giusti vidareførast attribueringa til Coppo somme tider til

kristusfiguren og andre delar av Dommedag 212 . Giusti er einig i attribueringa til Coppo di

205 Paolucci Antonio (red.), Il battistero di San Giovanni a Firenze = The Baptistery of San Giovanni Florence, Irene Hueck,

“The mosaic programme”, Modena, I, 1994, s. 232

206 Villani, G., Cronica, (MS.; 14. hundreår), red. G. Aquilecchia, Turin, 1979; ref. frå Catherine Harding, “Baptistery

mosaics”, The Dictionary of Art, (red. Jane Turner), XI, 1996, s. 199

207 Vasari, G., Vite, 1550 (rev. 2/1568), red. G. Milanesi, 1878-85, i, s. 331-2; ref. Catherine Harding, “Baptistery mosaics”,

The Dictionary of Art, (red. Jane Turner), XI, 1996, s. 199

208 Paolucci (red.), A. M. Giusti, “The Vault Mosaics”, I, 1994, s. 284-85

209 I følgje Paolucci (red.), A. M. Giusti, “The Vault Mosaics”, I, 1994, s. 307

210 I følgje Paolucci (red.), A. M. Giusti, “The Vault Mosaics”, I, 1994, s. 307

211 Longhi, R., “Giudizio sul duecento”, Proporzioni, II, 1948, s. 13-14, ref. frå Paolucci (red.), A. M. Giusti, “The Vault

Mosaics”, I, 1994, s. 307

212 Paolucci (red.), A. M. Giusti, “The Vault Mosaics”, I, 1994, s. 308

48