13.01.2015 Views

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

hendene, og armane er omgjevne av fire enorme slangar, som har skjellete grøn hud dekt av

kvite blemmer. Begge har hovudet hissande mot brystet til Lucifer. Slangane er ikkje nemnde

av Dante, men både på preikestolane, i Baptisteriet i Firenze, i Camposanto i Pisa, i Padova,

og i Orvieto, omgir slangar eller drakar Lucifer. Men i desse verka fortærar dei syndarar, noko

dei ikkje gjer i Sta Croce. Lucifer har seks store flaggermusvenger, farga grå, brune og svarte.

Dante nemner i song 34 av Inferno ikkje noko om fleire vengepar (vers 46-49), men det står at

vengene hans lagar tre stormar (vers 51), som kan vere utgangspunktet for at Orcagna har

tolka dei som tre par venger. Rett under han er det to kjemper, der den eine blir haldt nede ved

at Lucifer trør på hovudet hans. I følgje Offner & Steinweg er dei her framstilt for å få fram

Lucifers voldsame proporsjonar 357 . Dante skildrar tre gigantar i den inste krinsen hjå

Lucifer 358 . Her ser vi berre to, og noko som kan vere handa til den tredje. I denne handa kviler

hovudet til ein naken sjel, ved sidan av er innskrifta ANTENORO 359 . Dette er ein gresk

segnfigur: ein trojansk svikar. Dante kallar opp den delen av Kokytos som inneheld straffa for

landssvikarar etter Antenora, og dette vert nemnt i møtet med Bocca degli Abbati. Han var ein

guelfisk krigførar, som i slaget ved Montaperti hadde hogd handa av faneberaren så fana seig

ned og hæren mista motet. Dette var truleg landssvik av verste slaget for Dante, og det er

truleg han som er framstilt liggjande her, sjølv om han hjå Dante står fastfrosen i sjøen 360 . Til

Bocca klamrar det seg to svarte hender som kjem ut av anus eller ein vagina hjå Lucifer. På

grunn av tilstanden til verket er det vanskeleg å vite kva slags vesen dette er, men hudfarga på

armane er ikkje menneskeleg. Kjempa lengst til venstre i biletet er ståande, og den eine armen

og hovudet er vendt oppover. Dette kan vere kjempa Nemrod som bles i ein trompet 361 . Fordi

dei var løfta mot Jupiter og i gamletida prøvde å storme himmelen, vert kjempene straffa på

kanten av det inste og nedste Helvete 362 .

Gjennom den frie sceniske samansetting av Dantes figurar og utnyttinga av den nære

tradisjonen for visuelle helvetesframstillingar, har Orcagna skapt eit kunstverk som er

monumentalt og overtydande, med presise scener. Orcagna har kunna plassere ulike

hendingar i same område av framstillinga fordi han har omforma Dantes narrative verk til eit

Helvete som er visuelt aksentuert og ikkje-narrativt. Fordi han indikerar temaet til Dante utan

å utvikle det tidsmessig, kan han også gjere visuelle endringar i rommet. Slik utnytter han

357 Offner & Steinweg, sect. IV, I, 1962, s. 54

358 Dante: Helvetet, 1999, song 31, s. 178 (manglar norsk oms.)

359 Kreytenberg, 1989, s. 255

360 Dante: Helvetet, 1999, song 32, vers 88, s. 181, og merknader, s. 307

361 Kreytenberg, 1989, s. 256

362 Dante: Helvetet, 1999, song 31, s. 178

80

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!