13.01.2015 Views

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

og kroppen forfra, og likevel synast det ikkje som om halsen er vridd. Om dette er tilfelle skal

kvinna til venstre sannsynlegvis framstille trollkvinna Manto, som er fundamentet for myten

om byen Mantova 349 .

Nedanfor framstillast ei opphoping av syndarar som både Offner & Steinweg og Kreytenberg

meiner er dei havesjuke. Dette verker sannsynleg sidan ein djevel med ulveansikt bærer ei

fane med inskripsjonen AVARITIA, og sidan ornamenterte pengepungar er eit sentralt motiv i

denne grotta. Dei har likeeins identifisert både ein biskop, ein kardinal, ein pave og ein konge

i den samanstimla gruppa av folk. Offner & Steinweg meiner at desse kjem opp frå ein

kollektiv grav 350 . Dei seier også at djevelen som ber fanen er kledd i eit utstaffert kostyme.

Kreytenberg korrigerar dette, og viser at han ikkje er kledd i noko, men bærer på ein stor, rikt

dekorert pengepose, identisk med dei som djevelen til venstre i feltet bærer på ryggen i

mindre format 351 .

I registret nedanfor er det ein mannleg naken syndar med skjegg som vert dratt i beina av ein

djevel, over han til venstre får heile hovudet til ei nonne plass i munnen på ein annan djevel.

Lenger til høgre er det ein kentaur som ber pil og boge. Dette kan vere Nessos som straffar

valdsmenn og tyrannar, hjå Dante i blodelva Flegeton 352 . Kreytenberg meiner at feltet også

har fleire funksjonar: den som vert dratt etter beina skal vere ein svindlar frå Dantes 21. song,

som vert straffa i den boblande beksjøen 353 . I tillegg fungerar denne hola som inngangspartiet

til Helvete, og er ikkje, i følgje Kreytenberg, øvst til venstre slik Offner & Steinweg

meiner. 354

Heilt til høgre sit Lucifer, som i den originale komposisjonen markerte sentrum av Helvete,

jamfør skildringane i Dantes Inferno 355 . Lucifer er framstilt som eit monster i menneskeleg

form, men med løvepotar på føtene, hår som strittar som flammar på hovudet, tjukk og

apeliknande pels, og tre ansikt der kvar munn fortærar ein syndar. I den midtre munnen er det

Judas som vert eten, identifisert ved inskripsjonen GIVDA. Dei to andre er Brutus og Cassius,

jamfør Dantes skildring av Lucifer i 34. songen av Inferno 356 . Han kveler to syndarar med

349 Kreytenberg, 1989, s. 250

350 Offner & Steinweg, sect. IV, I, 1962, s. 53

351 Kreytenberg, 1989, s. 250

352 Dante: Helvetet, 1999, song 12, s. 138 (manglar norsk oms.); Kreytenberg, 1989, s. 249

353 Dante: Helvetet, 1999, song 21, vers 29-36, s. 169

354 Kreytenberg, 1989, s. 249

355 Dante: Helvetet, 1999, song 34, s. 188-192

356 Dante: Helvetet, 1999, song 34, vers 60-69, s. 190

79

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!