13.01.2015 Views

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

ennande kol som djevlane blæs på med belgar. Ingen av satanfigurane som går inn under

avgrensinga av denne oppgåva er framstilt fanga og liggjande slik som her. Men satanfiguren

i Orvieto har noko annleis hovudtrekk enn dei andre frå dette området og perioden, og kan på

somme måtar verke å vere inspirert av Tundals visjon i større grad enn desse.

Tundals Satan er like stor som alle uhyra han har sett tidlegare, og her er vi på linje både med

kunstverka og dei andre litterære skildringane. Satan er alltid framstilt som ein kjempe. Her

har han beksvart (svartare enn noko anna) kropp, er førti meter lang, atten meter brei og fire

meter tjukk. Han har tusen hender med tjuge fingre på kvar hand, kvar finger er nitten meter

lang og nesten to meter tjukk. Neglene er lengre enn noka lanse, og utruleg skarpe. Satan har

mange tær, og langt, stort og breitt tryne. Munnen er brei, med lepper som heng ned på kvar

side. Halen er kjempesterk, spiss og svært lang, med mange piggar på som han stikk sjelene

med. Over alt er det fortapte sjeler, og Satan knuser dei sjelene han får tak i med hendene så

dei fell ned i elden. Han sukkar av smerte, og da flyg det tusen sjeler ut av munnen hans og

inn i flammene som står i ei søyle langs pusten hans. Når han trekk pusten att, flyg sjelene

tilbake. Satan er nøydd til å pine sjelene i Helvete, men for kvar sjel han piner, jo større vert

hans eiga smerte, ein vond sirkel som han aldri kan kome bort frå. Og kvar sjel som er komen

hit ned, må bli her for alltid. 617

Engelen forklarar den forferda Tundal om Satans opprinnelse; engelens hovmod og fall, og

Guds meining med det heile. Tross all hans makt blir ikke denne motbydelige uslingen kalt

Rettferdighetens fyrste; hjelperne kaller ham heller Mørkets herre og styrer. Alle pinsler du

har sett, som er fastsatt for menneskers misgjerneinger, er for lite å regne sammenlignet med

denne. 618

Satan er her plassert i botnen av Helvete, og det er her pinslene er verst. Dette, storleiken hans

og det at han knuser syndarar med hendene, er element som går att også i biletverka våre. I

alle verka er Satan i hjarta av pinslene, og i Baptisteriet, Padova, Pisa og Strozzikapellet sit

han også på botnen. Alle Luciferfigurane knuser og et syndarar, og han er alltid omgitt av eld.

Elles er det ikkje så mange ikonografiske trekk i Tundal som korresponderer med denne

bilettradisjonen. Vi kjenner likevel att Satanfiguren i at han er menneskelik, men enormt stor

og med dyreattributt som gjev han den nødvendige bestialske framtoningen. Det dyriske, det

617 Dietrichson, 1984., s. 41,42

618 Dietrichson, 1984, s. 43

138

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!