13.01.2015 Views

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Andre offentlege straffar som ikkje hadde døden til følgje

Som nemnt var straffene meint å hemne, men også forventa å skulle reflektere den kriminelles

sosiale status, eller lovbrotets natur. Vi har sett at den sosiale statusen til forbrytaren i stor

grad avgjorde om han vart hengt eller halshogd, og at brenning var reservert dei som hadde

utført særskilt ugudelege handlingar.

Dei same forventningane og funksjonane galt dei straffeformene som ikkje førte til døden.

Om ein fornærma Gud eller statsmaktene i ord, altså blasfemi, kunne ein få kutta tunga av.

Om ein var rømling eller landflyktig kunne ein få kutta foten av. Offentleg audmjuking av den

dømte, ”Diminuto Capitis”, var ein viktig del av straffa. I dei toskanske samfunna var ein

person sitt gode namn og rykte sett i samband med gamal-romerske doktrinar om fama og

infamia. Dersom ein person hadde fama var han eit godt namn, var akta som ærerik, påliteleg

og hadde eit godt rykte mellom medborgarane. For dei kristne i dei nye borgarskapa i Toscana

var denne verdas ære og gode namn også knytt til det religiøse aspektet ved saka. Om ein vart

dømt som infamia på jorda var det truleg at det same ville skje i etterverda. Dei kristne og dei

verdslege verdiane vart blanda. Edgerton stiller spørsmålet om kva den nye ”realistiske” stilen

i malarkunsten og skulpturen på 12-, 13- og 1400-talet hadde å seie for det juridiske systemet

som fortsatt forsøkte å relatere denne verdas kriminalstraff til den evige fordømminga av

syndande sjeler 72 . Han fortsett ved å gjere reie for skiljet mellom infamia de jure og infamia

de facto. Infamia de jure er det vi skal halde oss til her, då infamia de facto rett og slett er det

å vere berykta i eit samfunn uavhengig av dei juridiske domstolane, men utestengt ved

sladder, tabu og fordommar. Infamia de jure vart påført ein person ved domskjenning som

straff for ei kriminell handling. Dommen innebar konfiskering av gods og fråtaking av

privileger. Til straffa høyrde også den nemnde ”Diminutio capitis”, som resulterte i offentleg

audmjuking overfor publikum, på grunn av overgrep mot samfunnets felles gode.

Ein vanleg form for audmjuking var å bli kledd naken. Offentleg nakenskap indikera, som det

gjer i dag, skam og vanære. Og ein kan tenkje seg at det må ha verka ganske øydeleggjande

for ettermælet til ein person i eit lite og tett samfunn om ein måtte sitje baklengs og naken på

ein gris, halde den i halen og ri han gjennom byen, med ein narrehatt på hovudet med ein

inskripsjon som synte kva lovbrot han hadde gjort. Denne straffas og skammens nakenhet er

den som trecentokunstnarane har avbilda i helvetesframstillingane sine, og ikkje den

Nashville, 1997, s. 468

25

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!