13.01.2015 Views

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

har ein hårlaus kropp, klør i staden for føt, og flaggermusvenger. Ansiktet er eit dyreansikt

med geitehorn og få menneskelege trekk 370 .

Helvete

Offner har nærma seg verket som om det skulle vere ein enkel og direkte illustrasjon av

Dantes Inferno, medan Kathleen A. Giles meiner der er fleire betydningsfulle avvik frå denne

modellen 371 . Eg baserar likevel mykje av skildringa på Offners detaljerte skildring i A Corpus

of Florentine Painting 372 , i tillegg til observasjon av sjølve verket. Inskripsjonane i fresken

som angir dei ulike syndarane, viser Nardos truskap til teksten i Dantes Inferno. Desse er

systematisk gjengitt i Offner, og vert her repetert av meg.

Representasjonen byrjar øvst til venstre, der fordømte syndarar kjem springande bak ein

banner. Dette er dei som ”levde utan både skam og ære”, som aldri aktivt valte det gode

framfor det vonde: (QUI SVPINESCE LASETA DECATTIVI) (fig. 33) 373 . Ferjemannen

Karon kjem roande mot dei, jamfør Dantes skildring av den første krinsen i Helvete 374 .

Lenger til høgre er eit slott med rettvise heidningar og udøypte born. Dette er Limbo, der det

korkje er pine eller lukke, men eit evig sakn (QVI SIPUNISCE COLORO

CHEFUROSENCA PECCHATO MANONEBORFEDE). 375 Nedanfor, heilt til venstre, ser vi

Minos (MINOS), den legendariske kongen av Kreta 376 . Han liknar eit diabolsk og mytisk

beist, men er ikkje utan menneskelege trekk. Minos er farga brun, dekt med pels, og i staden

for hender og føter har han rovfuglklør. Han har horn, og med halen angir han kor i Helvete

kvar syndar skal opphalde seg. (QVI SONPVINITI LIPECCHATORI CHARNALI) 377 . Til

høgre vert dei straffa som har latt seg styre av vellyst. Som Dante angir fyk dei omkring i ein

evig storm. 378 Vidare til høgre ser vi dei grådige, som vert pinte av evig snø og regn (QVI

SIPVINISCE ILPECCHATO DELLA GHOLA) 379 . Her er helveteshunden Kerberos

370 Geita som symbol på vondskap i forhold til lammet som symbol på uskuld: sjå Lorenzi, 1997 s. 66.

371 Kathleen Alden Giles, The Strozzi chapel in Santa Maria Novella: Florentine Painting and Patronage, 1340-1355, NY

University, Ph. D., 1977, s. 113

372 Offner, sect. IV, II, 1962, s. 53-54

373 Dante: Helvetet, 1999, song 3, vers 36, s. 96; Offner, sect. IV, II, ”Nardo di Cione”, 1960, s. 53: ”senza infamia e senza

lodo”.

374 Dante: Helvetet, 1999, song 3, vers 83-84: ”Ved roret stod ein gamling, kvit i håret./ Han skreik: ”De av-rat, far no dit eg

vil!”, s. 97

375 Dante: Helvetet, 1999, song 4, vers 37: ”Dei kunne ikkje Gud til fullnads love: Dei føddest føre Krist. Di laut dei feile.”,

vers 42: “Vi ber ein lengt som inga von skal heile“, s. 101

376 Dante: Helvetet, 1999, song 5, vers 4: ”Minos står der, og fælsleg flekkjer tenner”, s. 105

377 Her byrjar den delen av Helvete der kardinalsyndar vert sona.

378 Dante: Helvetet, 1999, song 5, vers 31-32: ”Ein helheims kvervelvind med stride skurar / dreiv alle ånder fram si ville

lei”, s. 106

379 Dante: Helvetet, 1999 song 6, vers 53-54: ”Stor-eting bøtest her til tider seine, / eit gjørmeregn er straffa som eg får”, s.

112

83

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!