13.01.2015 Views

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

lodelv vakta av kentaurar, og vidare at scenen med dei to para ikkje kan bli forstått rett om

ein ikkje tek omsyn til elden som omgjev dei. Dette har ho rett i: det er flammar litt her og der

i heile framstillinga, men dei spelar ein særskilt og integrert rolle i dette feltet. Særleg kan vi

sjå at dei to mennene er omgitt av flammetungar, ein stor ein kjem opp mellom beina på ein

av dei. Kreytenberg foreslår litt forsiktig at dei på grunn av flammane kan vere representasjon

av Dantes falske rådgjevarar, og at viss dette er tilfelle kan desse to førestille Ulysses og

Diomedes 340 . Mellom anna fordi desse mennene har skjegg, eit teikn på at dei var usiviliserte,

meiner derimot Ulrike Ilg at scenen er ein representasjon av Dantes ufredsstiftarar og

mordarar 341 . Paret til venstre består av ein kvinne med lang kjole, og ein mann med skjold

som prøver å forsvare seg mot ein djevel. I følgje Ulrike Ilg representerar dette synd mot det

6. bodord: ”du skal ikkje drive hor”, så gruppa er ei framstilling av utukt 342 . Kreytenberg

klassifiserar paret som kjeltringane Buoso Donati og Agnolo i Dantes 25. song der dei vert

omskapte til ormar og drakar 343 . Dette baserar han på det han ser som eit uvanlege kjoleslep

som forvandlast til halen på ein drake, og to mørke øyrer som stikk opp av håret til kvinna.

Mannen stikk eit sverd ned mellom beina sine, og Kreytenberg meiner såleis at føtene hans

vert omskapte til halen på ein slange 344 . Scenene ved sidan av viser ein mann som har vorte

fullstendig partert: alle lemmane hans ligg avhogne på bakken. Til høgre løfter ein djevel ein

mann opp frå bakken og dolkar han. Kreytenberg hevdar at dette må framstille bakvaskarane

og skismatikarane som i Dantes 28. song vert såra og partert 345 . Scena ovanfor er så øydelagt

at ho ikkje kan identifiserast.

I Dovina Comedia er sjølvmordarane omskapte til tre og buskar 346 . Orcagna har framstilt dette

i eit felt lenger til høgre, der kroppane til sjølvmordarane er framstilt som antropomorfe

tornekvistar 347 . Nedanfor til venstre er eit felt som Kreytenberg meiner framstillar Dantes

sannseiarar og trollmenn 348 . Dei er rangsnudde: fjeset vender attover, så dei må gå baklengs

som straff for at dei ville sjå inn i framtida (øvst i venstre hjørnet i den nedre delen av biletet i

fig. 32). På venstre side bøyer ein djevel seg og knyt eit taug om halsen på ein mann,

samstundes som han vert angripen av ein slange. Kreytenberg viser at hovudet er sett i profil

340 Kreytenberg, 1989, s. 252, Dante: Helvetet, 1999, song 26, vers 55-57, s. 175

341 Ilg, 1998, s. 17 og 21

342 Ilg, 1998, s. 19

343 Dante, 1999, Helvetet, song 25, vers 46-78 og 100-138, s. 173 (manglar norsk oms.)

344 Kreytenberg, 1989, s. 253

345 Dante, 1999, Helvetet, song 28, s. 178 (manglar norsk oms.); Kreytenberg, 1989, s. 253

346 Dante: Helvetet, 1999, song 13, vers 1-6, s. 138

347 Offner & Steinweg, sect. IV, I, 1962, s. 53; Kreytenberg, 1989, s. 254

348 Dante, 1999, Helvetet, song 20, s. 168 (manglar norsk oms.); Kreytenberg, 1989, s. 250

78

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!