13.01.2015 Views

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Uavhengig av om Andrea Bonaiuti eller ein annan kunstnars var ansvarleg for denne scenen,

opptrer desse djevlane som ei oppsummering av dei fleste djevelske elementa som har vore

under utvikling i dei førre verka vi har gjennomgått. Blant dei fordømte i Strozzikapellet er

det ein oransje djevel som har mange av dei same trekka som desse (fig. 38). Men denne og

dei andre djevlane i dette verket er svært slitt, medan desse er klare og tydelege i all si

fargeprakt, og med kombinasjonane av dyriske og menneskelege trekk og attributt (fig. 41 og

fig. 42).

Lorenzo Lorenzi meiner at dette verket vidareførar det Coppo di Marcovaldi byrja på minst

80 år tidlegare, i mosaikken i Baptisteriet i Firenze: å framstille djevlar med

flaggermusvenger og ulike fargar 427 . Flaggermusvengen er eit gotisk djevelattributt som er eit

symbol på skugge og mørke. I romansk kunst vart djevelen i følgje Lorenzi representert som

eit krypande beist med monster- attributt. Det var den bibelske slangen som ikkje kunne fly,

eller den store draken i Apocalypsen, eller engelen med øydelagde venger assosiert med

Lucifer 428 . I følgje Baltrusaîtis dukka flaggermusvengen opp som diabolsk attributt omkring

1220 429 . Lorenzi meiner at alle florentinske framstillingar av djevlar med slike venger

stammar frå den mørkeblå djevelen i mosaikken i Baptisteriet (fig. 8), likeeins at blåfarga til

denne djevelen og den polykrome Lucifer (fig. 6), er utgangspunktet for seinare fargerike

djevlar 430 .

Scenen viser Kristus som nærmar seg ei hole fylt med patriarkar og profetar frå Det Gamle

Testamentet. Her er Eva, Johannes Døyparen, Abel og David som helsar Kristus som kjem frå

venstre og trampar ned døra til Limbo. Han er kledd i toga med eit sjal over skuldra, og bærer

ei fane med krossen på. Under døra ligg ein blå djevel og tviheld på ein nøkkel. Han har

dyreattributt som geitehorn, apenase, klør i staden for føter og ein skjelettaktig kropp. Til

høgre i ei hole som representerar forgarden til Helvete, står fire djevlar med fire ulike og

sterke fargar; mørk blå, ljos blå, lakserosa og gul. Dei har dyreliknande kroppar, geiteskjegg,

flaggermusvenger og føter som eselhover. Heilt til høgre i biletet er ein delvis skjult oransje

djevel, som eter på ein skalle. Han har ein stor munn med peikande nebb, og kropp lik

kroppen til eit krypdyr 431 .

427 Lorenzi, 1997, s. 47 og 72

428 Op 12:7-9

429 J. Baltrusaîtis, Le moyen age fantastique, Paris, 1955, s. 152

430 Lorenzi, 1997, s. 72; Meir om flaggermusvenger i kapittel 4.4

431 Eg manglar illustrasjon av denne djevelen. Ein ser han så vidt, heilt ytst til høgre i fig. 42

89

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!