13.01.2015 Views

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

hovudsakleg ein freistar, og opptrer somme gonger som Guds tenar når han vil teste

menneska: "Då sa Herren til Satan: Han er i di makt. Spar berre livet hans!" 94 . At det er

engelen Lucifer som gjorde opprøyr og falt som er Satan, er ei førestilling som tilhøyrer

kristen, og særleg mellomaldersk tolking av Det nye testamente i samband med GT. Sjølv om

ein ser eksplisitte referansar til denne oppfatninga både i Johannesevangeliet og

Lukasevangeliet 95 , vart ikkje Lucifer institusjonelt bestemt som opphavet til Det vonde før i

Laterankonsilet 1215 96 .

I tillegg til slangen i Paradis er sjøuhyret Leviatan eit udyr frå GT som identifiserast med

Satan, dette er "den lettfarande draken" og "den buktande draken", som Gud (Jahve) seriar

over i skapelsesforteljinga 97 . Denne figuren kan vere årsaka til at Johannes gjev Satan namnet

”Den store draken” i openbaringa 98 , og vi skal seinare sjå at Leviatan har hatt stor innverknad

på dei visuelle framstillingane av Helvete i mellomalderen.

Det finst også ormar i Helvete i følgje Det gamle testamente: ”Makken deira skal ikkje døy /

og elden deira ikkje slokna..", eit motiv som er gjentatt i NT 99 . I openbaringa til Johannes er

froskar nemnt som ”djevleånder”, men der er ikkje mange andre referansar til krypdyr og små

beist i Bibelen 100 .

Til slutt må vi sjå om Bibelen gjev oss noko inntrykk av kven som skulle til Helvete og kven

som kunne bli frelst. Enkelte synder er klargjort i bergpreika til Jesus i Matteusevangeliet,

kap. 5, der han stadig refererar til dei 10 bodorda frå GT 101 . "De har høyrt det er sagt til

fedrane: Du skal ikkje slå i hel. Den som slår i hel, skal koma for domstolen. / Men eg seier

dykk: Den som vert sint på ein annan, skal koma for domstolen, og den som seier til ein

annan: Din fåming, skal koma for Det høge rådet, og den som seier: Din gudlause narr, er

skuldig til helvetes eld" 102 . Vidare seier han: "De har høyrt det er sagt: Du skal ikkje bryta

ekteskapet. / Men eg seier dykk: Den som ser på ei kvinne med lyst etter henne, han har alt

gjort ekteskapsbrot med henne i hjarta sitt" 103 .

94 Job 2:7

95 Luk 10:18-19

96 Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon, Oslo, 1987, 4, s. 34

97 Job 3:8; Salm 74:14; 104:26; Jes 27:1; Esek 29:3; 32:2

98 Op 12:9

99 Jes 66:24; Markus 9:47-48

100 Op 16:13-14

101 Dei 10 bodorda: 2Mos 20:1-17

102 Matt 5:21-22

103 Matt 5:27-28

30

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!