13.01.2015 Views

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

avdekkjer sola til høgre og månen til venstre. Frelsaren sit i sentrum, med Apostlane på kvar

side i ein halvsirkel. Bak desse er den Himmelske Hærskare med pasjonssymbola, trompeter

og bannarar. Under, ved foten av Frelsaren, er korset som er støtta av erkeenglane Mikael og

Rafael 259 . Til høgre for dette er Jomfrua Maria saman med Dei Utvalde, og under desse ser vi

dei døde som oppstår frå gravane. Elva av eld fløymer frå mandorlaen og ned til dei fortapte

og djevlane, til venstre for Frelsaren. Helvete er mørkt, og som Helvete i Baptisteriet utan

noka inndeling i synd og straffeform som vi skal sjå eksempel på seinare. Ved foten av korset

tilbyr Scrovegni og ein munk ein liten modell av kapellet til tre kvinnelege figurar. Desse

figurane er omdiskuterte i kunsthistoria, Rough meiner som sagt at denne munken er ein

representant for den militær-religiøse ordnen Cavalieri Gaudenti 260 . Moschetti avviser

Cavalieri-tesen og meiner munken er Fra Giovanni degli Eremitiani, og at dei tre kvinnene er

dei tre teologiske dydane 261 . Dette mellom anna fordi kapellet er tileigna Sta Maria della

Carità; den gåvmilde Jomfru Maria. Shorr argumenterar derimot i sin artikkel for at dei tre

kvinnene er Himmeldronninga i midten, erkeengelen Gabriel forkynnaren ved hennar høgre

hand, og til venstre den gravide Jomfrua, Santa Maria Annunziata, som det førre kapellet som

stod her var tileigna. Shorr let munken vere uidentifisert 262 .

Helvetesframstillinga er som i Baptisteriet i Firenze forma som ein slags lang og vidstrakt dal,

men har tatt meir form av eit steinete landskap. Det er irregulære og varierte felt som glir over

i kvarandre, der syndarane er plasserte for å sone ulikt for dei ulike syndene dei er skuldige i.

Dette Helvetet er òg dominert av ein stor Lucifer som sit i botnen av "dalen" og fortærar

syndarar (fig. 19). Om vi samanliknar helvetesframstillinga med dei utvalde ved Kristi høgre

hand, ser vi den same tendensen som i mosaikken: sjølv om apostlane og dei utvalde er

framstilt naturleg og ”mjukt” er denne sida svært einsarta og rigid, nærmast skjematisk. Giotto

viser ikkje som i tradisjonelle gotiske framstillingar hierarkiet mellom figurane ved gradering

av storleik, men gjennom ei diagrammatisk oppstilling av figurar 263 . Helvetesframstillinga er

eit unnatak frå dette; figurane er karikerte og levande framstilt, og kaoset og variasjonane står

259 Sjå Yves Christe, La Vision de Matthieu: Origines et développement d\une image de la Seconde Parousie, Paris, 1973, for

ei analyse av ulike typer dommedagsframstillilngar med utgangspunkt i korleis Kristus er plassert i høve til krossen. For den

typen som Padova og preikestolene i Pisa og Siena tilhøyrer, der Kristus troner med krossen under seg, presentert eller

omringa av to englar, sjå spesielt s. 15-28

260 Rough, 1980, s. 24

261 Rough, 1980, s. 24; og Andrea Moschetti, The Scrovegni chapel and the frescoes painted by Giotto therein, Firenze, 1907,

s. 61-62.

262 James H. Stubblebine (red.), Giotto: The Arena Chapel Frescoes: Dorothy C. Shorr, "The role of the Virgin in Giotto's

Last Judgment", New York & London, 1969: s. 173. For referansar til andre tolkingar av dei tre kvinnene, sjå note 18 same

side.

263 Gilbert Creighton, “Giotto”, The Dictionary of Art, (red. Jane Turner), XII, 1996, s. 690

62

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!