01.12.2012 Views

Regine Normann i hundre år - Munin - Universitetet i Tromsø

Regine Normann i hundre år - Munin - Universitetet i Tromsø

Regine Normann i hundre år - Munin - Universitetet i Tromsø

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

og går samtidig? I røynda manglar ein viktig detalj: Skjelettet, eller kanskje

berre ein del av det, “er formet som en krok eller gaffel. Hvis en fester denne

kroken i klærne på en jente, vil hun straks elske en, men vil en ikke lenger ha

noe med henne å bestille, skal en stikke sakte i hennes klær med den samme

kroken” (Bang 1901-1902, s. 570f).

Attråvekkande magiske knep gjekk især ut på å bringe noko av seg sjølv i så

nær kontakt med den etterlengta som råd, som å få han eller ho til å ete ei

brødskive som du sjølv hadde bore i armhola ei stund, for ikkje å nemne det

som endå mindre appetittleg var. Særskilt effektivt var å få den etterlengta til å

drikke noko av ei eller anna kroppsvæske hos seg sjølv, inga kroppsvæske

unnatatt! (Ibid.)

Det å utføre dåp er elles best kjent der det er tale om utburd, som eit par stader

i Dengang -, på samisk eahpadus eller eahparasj. I slike tilfelle gjeld det å vere

rådsnar og døpe på ei von, enten Kari eller Jon, eventuelt Guri eller Jon.

Tilsvarande samisk namnealternativ er Inga eller Anders, Hilda eller Abel osv.

Det gir meining at ho Margrete bør ha frosken hos seg i senga, som symbol for

mannen ho vil ha – og nordrennande vatn var brukt til mangslags magiske

åtgjerder. Men det å legge frosken i ei maurtuve blir meiningslaust dersom vi

utelet poenget med å skaffe seg den omtalte beinkroken (jamfør Bang): Å pine

livet av ønskeprinsen var det ho Margrete aller minst tok sikte på. Det ville i så

fall ligge nærmare finsk tradisjon, der dei stakk ut auga eller gjennombora hjarta

på ein frosk for å hemne seg på personar som dei trudde gjorde skade på åker

og avling med vondt auge eller annan trolldom.

I samisk tradisjon, derimot, er frosken nesten eit freda dyr. Folk ville ikkje

trakke på han, og dei løfta han til sides for å unngå å skade han med ljåen når

dei slo, for det var ei dårleg slåtte der det ikkje fanst frosk. Slim av frosk var òg

boteråd mot brannsår og andre sår. Det er i samisk tru ganske risikabelt å skade

frosk eller lemen og andre verjelause små kryp, også fuglar, for då kjem maddo,

eller det vi kan kalle stammora, for å ta hemn. Her har vi kanskje ein parallell til

den såkalte fiskemora eller kveitemora så vel som akkarmora, i tradisjon frå

sjøsida. Altså nesten utruleg at ho Margrete hadde lært denslags magi av ho

Rein-Elen, som var same! Men rett skal vere rett, kjærleiksmagi gjort med ein

krok finst omtalt også frå svensksamisk miljø, usagt om kroken var av froskebein

eller av anna emne. At Regine Normann har lese om slik magi i ei eller

anna avskrift av Cyprianus eller i opptrykk i Bangs Norske Hexeformularerer og

270

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!