01.12.2012 Views

Regine Normann i hundre år - Munin - Universitetet i Tromsø

Regine Normann i hundre år - Munin - Universitetet i Tromsø

Regine Normann i hundre år - Munin - Universitetet i Tromsø

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

hunden: “Stillet Sarak opreist i graven, la hellen over, og skjulte alteret med

grus og mosetorv, og slettet omhyggelig ut hvert spor som kunde røbe, det her

var øvd.” (Normann 1912, s. 234.)

Vi må understreke dette: Kunnskap om gamle samiske kultstader har vore

ikkje-eksisterande heilt til aller siste tid. I dag veit vi om to-tre slike i Øksnes så

vel som på Anda, og i Bø i Vesterålen i det minste ein. At det vart lagt lokk på

saka i sjøsamisk miljø så vel som elles treng inga forklaring: Dansknorske

prestar var temmeleg nidkjære i si jakt på noaidar og runebommer og var vel å

merke også pliktige til å vere så. Så det er kanskje ikkje så overraskande at

Regine Normann si litterære gjenskaping av samisk ofring sprikar på enkelte

punkt.

Om klart sjøsamisk offerpraksis fortel Regine Normann ingen ting, og det er

usikkert om slik praksis ville vere mykje ulik den hos bumannen, som med tida

gleid over i den skikken å narre skårungen. Rolv Straume nemner i Bø bygdebok

eit skjer uti Alteret i Skagan: “På skjæret er liksom ei hylle, og når dei rodde

framom skjæret, var det skikk å kaste eitkvart på den hylla. Dei sa då at dei ofra

på alteret.” (Straume 1962, s. 21.) Stadnamnet Alteret finst mange stader i

Nordland, og likeins finst enkelte lokalitetar dei kallar Torkallsteinen og

liknande. Men bortsett frå sjølve namna må vi konstatere at ”saga har glemt

hvad hun vidste”, endå Tor var ein sentral guddom i samisk òg, under namnet

Horagalles.

Om ofring til Biegga- eller Pieggaolmai veit vi lite, men det finst opplysningar

om at det var ofra små båtfigurar til han, så vel som trespader (vel eigentleg

åreblad), og her tar vi til å nærme oss den Njord-kulten som er kjend frå

nordisk bronsealder.

Sikker namnetradisjon knytt til sieide-dyrking har eg hittil ikkje funne. Men

nyleg høyrde eg frå ei samisk markebygd om ein innflyttar frå Dyrøy som i si

tid hadde tre trefigurar som han sette på bordet julaftan – det var raugo

(draugen), råtta-gallem (vil seie julekallen) og så sølvtommis. Denslags sieidetradisjon

er klart sjøsamisk, og sieidenamna representerer ei blanding av litt av

kvart: Sølv-Tommis tør vi vel assosiere med kristne merkedagar som

Tomasmess og liknande.

Om hundeoffer veit eg ikkje anna å melde enn at når fiskarane fann ut at det

var heilsvart på ein fiskeplass og rekna han for øydelagd, sa dei: “Her må ha

vore søkkt ned hundar!” Om det var eit hint til samisk offerpraksis tør eg ikkje

279

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!