01.12.2012 Views

Regine Normann i hundre år - Munin - Universitetet i Tromsø

Regine Normann i hundre år - Munin - Universitetet i Tromsø

Regine Normann i hundre år - Munin - Universitetet i Tromsø

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

magiske Opskrifter (Bang 1901-1902), er nok meir sannsynleg enn at ho hadde

det beinveges frå samisk miljø.

Eg er usikker på om Regine Normann nemner varseltaking i samband med ho

kari alias garja, altså kråka, noko som ho i alle tilfelle må ha kjent godt til. Det

heiter at ho kari både grev godt og grev vondt, og den som kjem ut for ein

skokk med unge kråker i verste stemmeskiftet har god grunn til å bli fælen.

Jamfør Kråkevisa: “Mannen han tenkte med sjølve seg – skal tru om den kråka

vil drepa meg?” Samisk tradisjon går òg ut på at ho kari kan varsle eller ha

noko å fortelje, f. eks. når folk har gått seg vill i marka.

Skjura er du trygg på å møte når du nærmar deg folk, og at ho varslar

fremmende er velkjent både frå same- og bumannstradisjonen. I Regine

Normanns roman Stængt brukest skjura som eit vondt omen i samband med

episoden der Sara vitjar Paal-Joas: ”En skjor skvatret fra stuemønet (…)

Skjoren lettet og fløi iltert skrattende og satte sig paa kanten av nøsttalet like

ved ham, strakte næbb, skrek og vippet med stjerten.” (Normann 1908, s. 169.)

Likeins er der felles tradisjon at det fører uhyre og uhell med seg å hatre på

skjura, så som å rive ned reiret hennes, eller “reret” som Regine skriv. Samisk

ord for skjur er skiri eller også skirri, og på Andøya var “ei god skerra” det

same som ei høgmælt og lattermild jenta.

I samisk tradisjon er skjura både noaide-loddi (loddi er fugl) og varslar at det er

nokon som druknar eller er ute for annan fare, eller ho er vaigaloddi, fægdefugl,

og varslar at noko vil skje, og det er særs illevarslande dersom ho forvillar seg

inn i eit hus. Til grunn ligg ordet vaigas: forvarsel, vardøger eller “nødlidende

Raab” som det står i Friis’ gamle samiske ordbok – urnordisk eller germansk

form av feig i meininga ”dødsens”, viss på å døy.

Husdyr er eit kapittel for seg, ikkje minst fordi vi lett assosierer husdyrhald og

jordbruk berre med norske samfunnsforhold. Sjølvsagt må det på våre kantar

ha eksistert mykje fellesgods. Velkjent i samiske miljø er at dei batt ein

ullgarnstump som det var lese over, om halsen eller foten på sjuke kyr. At ei

snor med sju knutar på var brukt til liknande trolldom er likeins kjent. Både frå

Sørlandet og Setesdal og Vestlandet kjenner vi tradisjon om folk som med sin

tanke (iblant utan å ville det) kunne fljuga eller laupa å kyr eller andre husdyr –

flyge i dyret – så det trutna opp og heldt på å rivne, og det same er i Troms

fortalt om tiggarfinnane når dei ikkje fekk kjøtt eller ull: Dyret det gjekk ut over,

svulma opp og sturta nesten straks. På hi sida var måleband også eit enkelt

271

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!