01.12.2012 Views

Regine Normann i hundre år - Munin - Universitetet i Tromsø

Regine Normann i hundre år - Munin - Universitetet i Tromsø

Regine Normann i hundre år - Munin - Universitetet i Tromsø

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

hjelpemiddel til å rekne ut kva tid kua skulle kalve. Opptrinnet der ho Rein-

Ellen legg tråd om ei sjuk ku blir derfor tvitydig.

Det å lage trollkatt eller trollkattung, som det står i Dengang -, kan ikkje vere ein

opphavleg samisk trolldomskunst, det framgår av det faktum at samane brukte

namnet smieragatto på dette vesenet, som saug mjølka av andres kyr. I den

tradisjonen eg sjølv har møtt, heiter det berre at trollkjerringane ofte hadde

trollkatta og at det vesenet fór trillande av gårde som eit grått ullnøste.

Vi skal elles ikkje forlate landbrukets sfære altfor brått, for i Dengang - er ho

Rein-Ellen skildra med uttrykk som ”finneøiet streifet lystent alt det som i

spiskammerset var” (Normann 1912, s. 131) og ”det glimet et glubsk blink i

øinene” (ibid., s. 217). Ingen tvil om at vi har å gjere med det som i faglitteraturen

blir kalla “ovundsauge”, “vondt auge”, i Vesteråls-tradisjonen avundsjukauga.

At folk kunne få avundsjukauga kasta på seg var også velkjent i samiske

miljø, etter det eg har spurt. Det ligg nok i korta at folk som sat i synberr

velstand med nøgda av hus og buskap, dei risikerte den slags. Så er då også

avund eit drygt kapittel i litteraturen om folketru, med ganske dramatisk effekt:

Ovund tærer stein, heiter det blant anna.

Nært knytt til vondt auga er sjølvsagt tanken attom, men her ordlegg forfattaren

seg vagt i Dengang -: ”At det var hugskott krøtturet hadde annammet og at

Syvert-Andrine hadde sendt det, trængte ingen fortælle Elisabet Stoltz, til det

var hun for godt kjendt med alle finnernes dævelkonster” (ibid., s. 129). I

vanleg norsk vil hugskot(t) seie “innfall, idé”, i norrønt også nytta om “sinn,

sjel” eller “samvit”, men her kan det sjå ut som om Regine Normann kombinerer

to glosar eller folketruelement som kvar for seg er velkjent, på den eine

sida hug, på hi sida finnskott.

Her vil eg og få lov å referere noko morfar min fortalde. Han var den eldste (ni

år) i eit kull av fire morlause gutar, men fekk så stimor etter eit par år. Ho fekk

berre godt skussmål, men ein gong vart han fælen: Ei ku var blitt sjuk, og

stimora gjekk opp i båsen, heldt kuøyra mellom hendene og ropa høgt: ”E det

bumannshug, finnhug, eller trollhug, så hut ut, snask ut av kua!” Korleis det

gjekk med dyret, minnest eg ikkje, anna enn at han meinte kua vel fekk eit lite

sjokk som kunne ha sin effekt, i fall ho stod der med tarmane full av gass. Frå

Ofoten finst oppskrifter der det likeins er tale om finnehug og bumannshug,

tiggarhug og vottullhug.

272

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!