05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Kong Fridtjov av Grønland

1. november 1990 vart det sett sluttstrek for det halvkommunale

selskapet Grønland Byfornyelse A/S i Oslo. Konkursen var

eit faktum. Da hadde selskapet virka i 12 år, til glede for noen

få firma som hadde klippekort på oppdrag frå selskapet. Og

ikkje minst til glede for dagleg leiar, Ap-aktivist og frelsessoldat

Fridtjov Ingvald Johansen og utvalde folk i krinsen rundt

han. Fridtjov Johansen utnytta systematisk dei mange partikontaktane

i det politiske og faglege miljøet rundt Oslo Arbeiderparti.

Medan Fridtjov styrte selskapet etter eige hovud, sat styremedlemmene,

blant dei noverande ordførar Peter N. Myhre,

og nikka.

«Kongen av Grønland» vart han kalla. Opprinneleg er 60-

åringen fra Skjervøy i Nord-Troms. Men det var blant gamle

nedslitte bygårder på austkanten i Oslo at han skapte seg eit

kongedømme. Eit kongedømme var det, for Fridtjov sette både

politiske vedtak og selskapsvedtekter til side for å oppnå det

han ville for seg sjølv og venene sine. I eitt tilfelle ga Fridtjov

og styreformann Ivar Moe bort verdiar for over ein halv million

kroner.

Erfarne politikarar var med i styret i Grønland Byfornyelse

frå første stund. Kontrollen og tilsynet med det halvkommunale

selskapet skulle sikrast ved å plassere sentrale politikarar i styret.

Først var det Ivar Moe og Erik Mår (H). Frå 1984 kom heildagspolitikar

og formannskapsmedlem Peter N. Myhre frå

Fremskrittspartiet med. Han sat der fram til 1988. I dag er

99

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!