05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

skapet vurderte spørsmålet. Og ikkje berre det, den daverande

trafikksjefen bad med seg representantar for firmaet ut på restaurant

for å orientere dei om arbeidet i anbudskomiteen, mens

dei ulike tilboda var til vurdering.

Ein kommunal etat har i dag rett til å halde både dei ulike

tilboda og anbudsprotokollen unna offentleg innsyn. Ved

mange rådmannskontor er det vanleg oppfatning at slike dokument

skal vere hemmelege. Vi meiner lov og praksis bør

endrast slik at kven som helst kan få sjå alle tilboda, anbudsprotokollen,

den skriftlege vurderinga som kommunen sjølv

gjer av tilboda og alle dokumenta som har med dette å gjere.

Eit statleg utval som vurderte innkjøpsordninga i staten, peika

«på de fordeler dokumentinnsikt kan ha for forvaltningsorganet

selv, derved at det kan frita for kritikk og mistanke om utenforliggende

hensyn ved leverandørvalget» 16. Det er få kommunar

som har følt behov for å sikre seg fritak for kritikk på denne

måten. Arvid Frihagen seier rett ut i ei bok om Forvaltningslova

at «det kan ... se ut til at det ikke så helt sjelden forekommer

at forvaltningsmyndighetene velger anbud eller leverandør ut

fra utenforliggende eller mindre saklige hensyn» 17 .

Full offentleg innsynsrett i anbudsdokument og anbudsprotokoll

vil derfor vere eit viktig tiltak for å forebygge korrupsjon

og for å sikre at kommunens eigne interesser blir betre tatt vare

på. Smith-utvalet er eit stykke på veg samd i dette og tilrår at

noverande reglar blir gjennomgått og endra «med sikte på å

sikre større åpenhet enn i dag» 18. Dei kommunane som vil vere

på offensiven, kan gjere dette utan å vente på nye lovreglar frå

statleg hald.

Tredje ledd i prosessen er å gjere ei sakleg vurdering av kva

for eit tilbod kommunen skal velje. Viss det er grunnar til ikkje

å velje det billegaste tilbodet, skal grunngivinga for dette skrivast

ned i anbudsprotokollen. Oslo kommune har f.eks. reglementsfesta

at kommunen kan forkaste tilbod som «har så lav

pris at den står i åpenbart misforhold til det som skal leveres,

og anbyderen/tilbyderen ikke kan oppgi fyldestgjørende grunner

for dette». Det finst fleire grunnar til ikkje å velje lågaste

tilbod: At billegaste leverandør er useriøs og ikkje har ressursar

og kompetanse til å utføre oppdraget, eller at kommunen helst

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

133

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!