05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Nøtterøy. Medan bygningsrådet kan bruke mykje tid på detaljar,

vart den endelige avgjerda i denne saka tatt på «delegasjon»

av bygningssjef Thore Holm. Namnet til bygningssjefen verserer

i mange av dei omstridde sakene på Nøtterøy.

Holm grunnga godkjenninga med at to nabohus gjorde Storebukt

til eit «tettbygd strøk», som dermed ikkje er omfatta av

100-meters regelen. Dette er ein måte å omgå lova på som han

og har brukt ved andre høve - t.d. då ein næringsdrivande fekk

byggje på dei små Geiteskjæra utafor Årøysund.

I andre saker har han brukt andre metodar. Disponent Jan

Gjermundsen i «Gjermundsens Auto» fekk byggje ei stor «hytte»

ute på den nordlegaste av holmane på utfartsmålet Langeskjær.

«Hytta» dominerer holmen fullstendig - men bygningssjefen

ga byggjeløyve fordi dette var ein «forskjønnelse» av

skjærgarden samanlikna med den fiskebua som sto der frå før.

Ein periode kunne Gjermundsen triumfere overfor båtfolket

med følgjande plakattekst: «Kjører du på land - kjør Mazda.»

Bukken og havresekken

Våren 1987 skulle Nøtterøy kommune inngå ein omfattande

dataavtale. Kommunen betalte ein tilsett i firmaet «Vest-Viken

EDB» litt over 40 000 kroner for ein konsulentrapport. Konklusjonen

i denne rapporten var at dataløysingane frå Vest-

Viken utan tvil passa best for Nøtterøy kommune. I kommunestyret

sat det imidlertid ein representant frå KrF som jobba i eit

anna datafirma. Han sa at han alltid hadde stor tru på det som

kom ovafrå. Men her var det ei sak som han hadde god greie

på. Han var forskrekka over at saksframstillinga var under all

kritikk. Etter dette røysta 9 av kommunestyremedlemmene for

ei nøytral utgreiing. Fleirtalet - inkludert alle frå Høgre - «syntes

dette var for dyrt» for ein kontrakt til fleire millionar kroner.

Etter at RV tok opp saka i lokalavisene, vart saka tatt opp på

nytt - og kontrakten gjekk «stille og rolig» til eit anna firma.

I 1986 planla ei gruppe investorar ein stor privat helseklinikk,

VEST-MED, på Nøtterøy. Helsesjefen i kommunen, Otto

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

57

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!