05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

handler mot en annens tarv». Utruskapsparagrafane - som dei

bg blir kalla - rettar seg såleis både mot aktiv handling som er

til ulempe for ein «annens tarv» og mot forsømingar eller passivitet

som går ut over ein annan. Dette gjer at det - etter lova - er

ein glidande overgang frå slurv og dovenskap til ei utru handling.

Men hittil er ingen dømt for utruskap gjennom passivitet.

Denne delen av utruskapslovgivinga har vori sovande fram til i

dag.

Det er snakk om grov utruskap dersom det f. eks. handlar

om «betydelig økonomisk skade» eller dersom utruskapen er

«forøvd av offentlig tjenestemann eller noen annen ved brudd

på den særlige tillit som følger med hans stilling eller virksomhet»

(§ 276).

For å komme i ei slik stilling at ein kan vere utru, må ein

person ha «tilsyn med» eller «styre» andre sine saker. Det finst

mange domar over tilsette som lar arbeidsgivaren dekke private

utgifter eller skaffar seg sjølv urettmessig kreditt på arbeidsgivaren

sin kostnad. Men det er bg eksempel på at leiarar eller

direktørar som lar selskapet betale private rekningar, har vorti

dømt. Det er i prinsippet ingen skilnad på offentleg og privat

sektor.

Eksempel: Ein varaordførar og postopnar i ein Trøndelagskommune

tok imot dekningslause sjekkar. På dette viset tok

han sjølv - og firmaet hans - ut over 700 000 kroner, medan

postverket lei tap. Retten fann at det på grunn av det store beløpet,

og at han hadde ei offentleg stilling, var snakk om grov

utruskap. Varaordføraren fekk fengsel utan vilkår i 3 år, og vart

samstundes frådømt vervet som kommunestyrerepresentant.

For å bli dømt etter utruskapsparagrafane må vedkommande

ha handla med forsett. Men ikkje nok med det. Han må dessutan

ha handla i «vinnings hensikt» eller for å skade den fornærma

parten (f.eks. arbeidsgivaren, klienten). Utruskapsparagrafen

stiller ikkje noe krav om at vinninga for eigen del - eller

tapet for den fornærma parten - skal vere av økonomisk art.

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!