05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Lovteksten er likevel ikkje heilt på høgde med dei korrupsjonsformene

vi møter til dagleg. Og lova blir sjeldan brukt

mot dei som kjem i søkjelyset for korrupt handlemåte. Sorenskrivar

Bjørn Stordrange har f. eks. peika på at det berre finst 19

fellande domar i saker om økonomisk utruskap i dei sju åra frå

1980 til 1986. Han konstaterer at «denne form for kriminalitet

er derfor i dag ingen stor belastning for domstolsapparatet og

det er ikke mulig ved hjelp av statistikken å bevise at omfanget

av utroskap har øket», og at «kriminalstatistikken gir neppe noe

godt bilde av utroskapssakenes omfang og hyppighet, fordi det

er grunn til å tro at mørketallene er store» 11 .

Ein del av konkursryttarane har utan tvil begått handlingar

som er korrupte eller i korrupsjonens grenseland. Ei undersøking

ved Bedriftsøkonomisk Institutt i 1987 tok for seg 27 tilfeldige

konkurssaker. Bustyret hadde sendt 18 av dei over til

politiet fordi det var solid mistanke om straffbare forhold. Men

det vart ikkje tatt ut tiltale i ei einaste sak 12 .

For tre år sia spurde Økonomisk Rapport 587 bedrifter om

dei hadde vori utsett for økonomisk utruskap i løpet av dei siste

to åra. 71 bedrifter - 12 % - svara ja, men av desse var det mindre

enn halvparten som hadde kopla politiet inn i saka. Og dei

fleste av desse, kjem ikkje lenger enn til politiets arkivskap.

Eit ferskt oversyn Dagens Næringsliv har henta frå eit privat

etterforskingsbyrå, viser den same tendensen. Byrået seier at

dei sia 1989 har avslørt 250 grove underslag. «Avsløringene

førte til oppsigelser, men kun et fåtall ble anmeldt». Berre i dei

fem første månadene i 1991 har arbeidet til dette byrået ført til

at tre administrerande direktørar i mellomstore firma har fått

sparken på grunn av grovt underslag.

Lars Oftedal Broch som leier politiets sentrale arbeid med

økokrim, meiner «næringslivsledere undergraver moralen i sine

egne bedrifter når ansatte slipper påtale og straff. Dessutan er

smitteeffekten stor, og det er svært uheldig sett fra påtalemyndighetens

side. - Like ille er det at disse menneskene får fortsette

sin virksomhet, siden de bare sendes videre ut i systemet»,

seier Oftedal Broch 13 .

Han kunne med like stor grunn rette ein åtvarande peikefinger

mot dei politiske toppleiarane i ein del kommunar. Ein

9 Sannheta om boblebadet

129

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!