05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

har eit handikap, fordi vi historisk er eit utviklingsland som

ikkje vart sjølvstendig før i dette hundreåret. «Husmannens tro

eller underkastelse i forhold til den etablerte orden eller rangorden

- og det å ta av seg lua når storbonden eller godseieren

kjørte forbi - hører til vår nærmeste historie,» skriv han og oppfordrar

til eit «oppgjør eller reaksjon overfor slike tendenser» 2 .

Vi trur at dette er kunnskap å ha dersom arbeidet med å

bekjempe korrupsjon, maktmisbruk og vanstyre skal lykkast.

Vi må rette ryggane og knytte nevane - og vite kor vi skal rette

skytset.

Stopp forslaget til ny kommunelov

Ei av dei viktigaste sakene på kort sikt i antikorrupsjonsarbeidet

er å forhindre at dei udemokratiske forslaga i utkastet til ny

kommunelov vert vedtatt av Stortinget. Så langt har det - dessverre

- ikkje vori mykje debatt om lovforslaget. Dersom det

vert vedtatt, inneber det at korrupsjon, maktmisbruk og snusk

får langt betre vekstvilkår i kommunane enn i dag. Mellom forslaga

er at «byrådssystemet», som Oslo har som ei prøveordning

i dag, skal kunne gjerast permanent - ikkje berre i hovudstaden,

men i resten av landet 'Og. Det trengst eit massivt press

frå organisasjonar, fagforeningar, fagmiljø og einskildpersonar

for å få stoppa framlegget til endringar i kommunelova.

I august 1987 - eit drygt år etter at ordninga med byrådssystem

vart innført i Oslo - vart det nedsett eit utval som skulle

legge fram eit utkast til ny kommunelov i Norge. To professorar,

fire toppbyråkratar, ein politikar frå Høgre og ein frå Ap

vart oppnemnd som medlemmer av utvalet. Ingen frå grasrota

eller folkelege organisasjonar fekk vere med. Ikkje eingong

mellompartia - som tilsaman har over 3 500 representantar i

kommunestyrer og fylkesting - fekk vere med. Utvalet la fram

resultatet av arbeidet sitt i fjor sommar. Sjølv om lovutkastet

har vori ute på høyring i alle landets kommunar, har det vori

lite debatt om dei oppsiktsvekkjande forslaga som ligg i det. I

Nøtterøy kommune ga dei t.d. blaffen i å gje sitt syn på lovutkastet,

før høyringsfristen var ute.

200

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!