05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

hadde meir bakgrunn og peiling på reinhaldssektoren vart oversett.

Vinteren 1991 vart det ny strid om tilsetjingspolitikken i

Odda. Administrasjonsutvalet tilsette sekretæren i Odda herreds

Arbeiderparti i ei stilling som aktivitør. Ho hadde verken

utdaning eller særleg erfaring frå dette fagområdet, mens to

andre søkjarar både hadde fullverdig aktivitørutdaning og rik

erfaring. Dette var ikkje til hinder for at både dei to frå Odda

herreds Arbeiderparti og dei to frå Odda kommunale forening,

såg vekk frå rådmannen si innstilling og ga jobben til partisekretæren,

Helga Leonhardsen. Høgre- og SV-representantane

røysta for å følgje den saklege innstillinga frå rådmannen, men

korkje dei eller personalsekretæren i kommunen, som sjølv er

formannskapsmedlem for SV, brukte den reglementsfesta retten

til å anke avgjerda. Slik hindra dei at formannskapet eller kommunestyret

kunne få sjanse til å overprøve den tvilsame avgjerda.

Vidar Våde (RV) tok opp ein interpellasjon om saka i kommunestyret

20. mars. Forutan den konkrete saka, stilte han

spørsmålet slik til ordføraren: «Kjenner ordføreren til at det i

Odda kommune har vært foretatt ansettelser der kjennskap og

vennskap, eller partiboka i DNA har gått foran utdanning og

erfaring?»

Før møtet rykka Ap sin varaordførarkandidat, Anne-Lisbeth

Madssen, ut i Hardanger Folkeblad - der mannen hennar,

Øyvind Madssen, er redaktør. Ho gjekk til åtak på dei som kritiserte

tilsetjinga: «Håper at det efter møtet i Odda Kommunale

Forening blir en slutt på saken, og at de som har vært initiativtakere

til denne sak, finner noe viktigere å henge sin hatt på enn

en administrativ glipp som denne». Det siste er freidig sagt av

ein komande varaordførar i ei sak der administrasjonen har gått

fram heilt korrekt, og der det er Ap-politikarane som har gjort

eit overgrep. Madssen var elles opptatt av den menneskelege

sida ved saka: «Sett fra sidelinjen synes jeg personlig Helga

Leonhardsen har hatt en tøff tid som jeg syns hun har mestret

flott». Ikkje eitt ord om omtanke for dei to som var usakleg forbigått.

Ap-ordføraren var taus da Vådes interpellasjon kom opp i

188

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!