05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

«Vi har gjort vårt, og har vært årvåkne nok. Det er et utslag

av uheldige omstendigheter som har ført til at regnskapssystemet

har brutt sammen.»

Trugsmål mot livsnerva

Bakgrunnen for at Sør-Varanger Invest kom i stand, er slik:

A/S Sydvaranger sin jernmalmproduksjon i Bjørnevatn og

Kirkenes har vori sjølve livsnerva i Sør-Varanger kommune

heilt sidan først på hundreåret. Tyskarane raserte så å seie alt i

Sør-Varanger hausten 1944. Men etter krigen vart Kirkenes og

A/S Sydvaranger bygd opp att. Frå 50-talet og fram til siste

halvpart av 70-talet gjekk gruva med solide overskot og skaffa

den største eigaren, staten, og Oslo kommune der hovudkontoret

framleis ligg, gode inntekter. Folk i kommunen hugsar denne

perioden som Den Gode Tida.

I 1985 var det i alt omlag 3-4000 arbeidsplassar i heile kommunen

- A/S Sydvaranger aleine sto for 1100-1200 av desse. I

mars 1986 vedtok Stortinget å trappe ned verksemda frå to til

eitt pelletsverk, med drift fram til 1998. I 1991 er det omlag

720 tilsette i A/S Sydvaranger. Eit stortingsvedtak 19. juni

1991 gir lokalsamfunnet eit pusterom på omlag 5 år før dei

mistar 400 arbeidsplassar til. Stortinget vedtok å leggje ned pelletsproduksjonen

heilt når dagbruddet er tømt for malm.

Stortingsvedtaket i 1986 om nedtrapping var politisk

omstridd, og møtte hard motstand i Sør-Varanger. Det finst

nemleg meir malm i gruvene i Bjørnevatn som gjer det muleg å

drive enno i mange år frametter. Men fordi malmen er dekka av

gråberg, trengst det nye investeringar for å henta han fram.

Stortingspolitikarane ville ikkje vere med på ei slik investering

i 1986, men i juni 1991 vart det likevel Stortingsfleirtal for å

starte underjordsdrift.

Då SVI vart skipa - for å roa ned dei tilsette og folket i Sør-

Varanger - var det eit mål for staten at investeringsselskapet

skulle skape 400 nye «basisarbeidsplassar» - dvs. arbeidsplassar

med produksjon av varer og tenester som har marknad utafor

regionen - innan 1991/92. I eit framlegg til regjeringa i

74

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!