05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

-Det er heller ikkje sant at det er samsvar mellom Undersruds

«attest» og innhaldet i attesten frå sjefpsykolog Skiftun.

Kort tid før saka skulle opp for retten, møtte hjelpepleiaren opp

til konferanse hos forsvararen sin. Midt i den tragedien som

fyllekøyringa hans hadde skapt, så følte han seg litt beæra over

at han - ved hjelp frå Jon Sandstrøm - hadde fått ein så kjend

advokat som forsvarar. Det var da nesten utruleg at sjølvaste

Morten Kjensli ville bry seg om han som berre var ein alminneleg

hjelpepleiar som hadde rota seg ut i eit slikt forferdeleg uføre.

Men da han hadde lesi gjennom attesten frå psykolog Erik

Undersrud, vart han likevel meir enn betenkt. Han fortel at han

sa klart frå til Kjensli: Han kunne vel ikkje stille opp i retten og

basere seg på ein slik attest frå ein psykolog som han aldri hadde

møtt? Han ville jo gjerne sleppe soning, men dette var vel

nærmast som å ty til fabrikkert bevismateriale?

Lien fortel at den rutinerte forsvarsadvokaten såg annleis på

det: Med ein slik attest kunne han føle seg trygg på at ingen rett

ville ta sjansen på å sende han i fengsel. Dermed ville han få

behalde jobben sin.

Lien følte seg likevel ikkje heilt vel. Han hadde ikkje tenkt

han skulle vere med på å bruke slike metodar. Resultatet vart at

han fekk ein avtale hos attestforfattar Erik Undersrud.

Det vart ein 'terapitime' utom det vanlege. Psykologen fekk

for første gong sjå den personen som han hadde uttala seg så

skråsikkert om, og som han hevda å ha skrivi «terapeutiske

referater» om. Tormod Lien seier at han etter denne samtalen

hadde ei bestemt kjensle av at det ikkje var Undersrud som

hadde formulert den attesten som skulle leggjast fram i retten.

Han trur at Erik Undersrud berre hadde «lånt ut» signaturen

sin, spesialiststemplet sitt og det offisielle brevpapiret frå den

kommunale poliklinikken.

Det gjekk greitt i retten. Akkurat slik Morten Kjensli hadde

sagt på førehand. Det vart betinga dom. Lien slapp å sone og

han kunne halde fram i jobben sin.

Vi har bede Årstein Skiftun om å samanlikne den attesten

31

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!