05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

1990 vedgår Næringsdepartementet at det ikkje har gått så bra:

«Nye arbeidsplasser har ikke oppveiet reduksjoner av

bemanningen ved A/S Sydvaranger og tap av arbeidsplasser

i øvrig næringsvirksomhet i kommunen. Antall sysselsatte

ved A/S Sydvaranger er i perioden 31. desember 1984 til 31.

desember 1989 redusert fra 1 186 personer til 739 personer,

dvs. med ca. 450 arbeidsplasser. Det er siden 1986 etablert

bedrifter som har gitt ca. 200 nye arbeidsplasser. Den største

av disse er Kimek A/S som har ca. 110 ansatte. De fleste av

disse er overført fra A/S Sydvaranger.»

Ein rapport som sosialøkonomen Roar Eilertsen i kunnskapssenteret

De Facto laga i juni -89 konkluderer med at SVI «i

høyden har medvirket til etablering av 6-7 nye arbeidsplasser

innen basisnæringer i kommunen. Dette er det eneste som gir

grunnlag for økt totalaktivitet i Sør-Varanger». Etter dette har

etableringa av KN Data A/S med 25 tilsette auka dette talet til

vel 30.

Dermed kan ein trygt slå fast at selskapet ikkje har nådd dei

måla som vart sett da Stortinget vedtok nedtrappinga i Sydvarangergruvene.

Dersom ein bg reknar med dei arbeidsplassane

som har forsvunni gjennom konkursar og nedleggjingar, har

Sør-Varanger hatt eit nettotap på omlag 4-500 arbeidsplassar

dei siste fire-fem åra.

I tillegg til Sør-Varanger Invest, har Distriktenes Utbyggingsfond

og Sør-Varanger kommune også drive «omstillingsarbeid»

ved hjelp av offentlege pengar. Det har og vorti løyvd

pengar direkte til A/S Sydvaranger for at selskapet skal gå i

gang med ny produksjon i tillegg til pelletsproduksjonen.

Redningsplanken som svikta

Sør-Varanger Invest A/S vart stifta sommaren 1985 - men full

drift i selskapet tok ikkje til før i 1987. Selskapet har ein aksjekapital

på omlag 8 millionar kroner. Mellom aksjonærane finn

vi både Sør-Varanger kommune og Finnmark fylkeskommune.

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

75

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!