05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

dei kritikkverdige forholda påtala av hovedutvalet «hans». Dei

gjorde det i eit lukka møte der saka ikkje var ført opp på sakslista.

Kommuneingeniøren seier at dette var ei utegløyming,

men ein av politikarane i utvalet seier at det er heilt vanleg å ta

«kinkige saker» over bordet. På Nøtterøy ønskjer dei ikkje

unødvendig blest om slike saker.

Når kommunestyret ikkje gjer det Høgre vil

I siste kommunestyreperioden er det berre to gonger at Høgre

har lidd nederlag i viktige saker i kommunestyret. Den eine var

den såkalla Gaasø-saka. Sivilombodsmannen slo fast at to kommunale

avslag på ein søknad frå fru Synnøve Gaasø om å byggje

bustad på eigedomen sin, var innbyrdes motstridande.

Høgre ville ikkje ha saka opp i kommunestyret, men måtte kaste

inn handkledet då RV likevel fekk sett den på sakskartet etter

ein interpellasjon.

Den andre gongen galdt det ei tilleggsløyving til eit svært

omstridd menighetshus hausten 1988. Saka var lagt fram på

vanleg vis av rådmann og formannskap, men Høgre og KrF

vart nedstemt.

Etterpå fann «man» ut at kommunen «var kontraktsforplikta»

til å løyve pengane. Poenget her er ikkje at det absolutt kan

diskuterast om dette var sant - men det som skjedde vidare.

Formannskapet gjorde nemleg om på kommunestyrevedtaket -

utan å undersøke nærmare om det var det kommunestyret, det

øvste folkevalde organet i Nøtterøy, ønskte.

Kommunane hadde hausten 1990 forslaget til ny kommunelov

- grunnlova for kommunesektoren - til handsaming. Utkastet

legg opp til dei største endringane i forfatninga i «kommune-Norge»

sidan Formannskapslovene vart til for meir enn 150

år sia. Høringsfristen gjekk ut 1. januar 91. På Nøtterøy vart

saka sett opp på kartet til «julemøtet». Dei mindre partia hadde

ikkje eingong fått lovforslaget tilsendt. Det vart da heller ikkje

tid til å handsame forslaget, fordi dei kommunale jubilantane

alt hadde sitti og venta i det vide og det breie på at julemiddagen

skulle komme i gang. Da forslaget omsider kom opp i

59

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!