05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Rådhus-Høgre tar hemn

Sonja Bjørkly - som i dag er helsesjef i Drammen kommune -

har fått føle at maktmisbruken frå Høgre-eliten i Oslo Rådhus

kan vere like ille og kjennast like 'korrupt' sjølv om det ikkje

er kontante pengar med i spelet. Byrådet i Oslo går svært langt,

både økonomisk og juridisk, når dei har sett seg ut ein person

som dei av ein eller annan grunn vil «straffe».

Sonja Bjørkly var legeleiar i prøvebydelen Søndre Nordstrand.

Frå 1984 til ho flytta til nabokommunen var ho medlem

av Oslo bystyre for Høgre, og ho var i noen år med i bydelsutvalet.

Innafor Høgres bystyregruppe var ho ein frittenkjande

person som meir enn ein gong fekk klar beskjed både frå gruppeleiar

Hans Svelland og frå daverande ordførar Albert Nordengen

om at ho ikkje fekk leggje fram synspunkta sine i bystyret.

Ho engasjerte seg sterkt i REO-saka (det mislykka forbrennings-

og resirkuleringsanlegget) og reiste kritikk mot fjernvarmeutbyggjinga

på Holmlia. Ho meinte avtalen som var gjort

mellom kommunen og entreprenørane om såkalla eigenkontroll

i byggjeperioden, var årsak - eller medverkande årsak - til bl.a.

feil materialval som førte til at delar av fjernvarmeanlegget

ikkje verka slik det skulle. Etter kvart følte ho at gruppeleiaren

ikkje likte denne forma for konkret lokalt engasjement.

Sonja Bjørkly vart tilsett som bydelslege 1 på Holmlia i

1983. Frå 1985 var det administrasjonssjef Knut Egger som var

sjefen hennar i prøvebydelsadministrasjonen.

Da Bydelsutvalet skulle handtere budsjettforslaget for 1987,

82

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!