05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

politikammer. - Vi har ikkje dermed sagt noe sikkert om korvidt

den regelstridige handlemåten er utført med overlegg eller

om det berre er ein del av innarbeidd sløvhet eller tenestefeil.

Det er vel eigentleg enda alvorlegare om det er det siste som er

tilfelle. For da betyr det at Oslo Politikammer er slik organisert

og fungerer slik at kammeret er ute av stand til å utføre forsvarleg

etterforsking av ei korrupsjonssak som denne.

Etter eit påtalemøte ved Eidsivating Statsadvokatembete i

mars 1991 avgjorde førstestatsadvokat Iver Huitfeldt at Sarpsborg

Politikammer skulle ta over etterforskinga i kjølvatnet av

dei to politiforklaringane som vart `gjenoppdaga' på kontoret

hos nestkommanderande ved Retts- og påtaleseksjonen fem

månader tidlegare. I dette ligg det at Oslo Politikammer har

tedd seg slik at Statsadvokatembetet ikkje har tillit til at kammeret

kan handtere saka på forsvarleg vis. Da saka kom til

Sarpsborg følgde det også med ein skriftleg beskjed frå førstestatsadvokaten,

men vi har enda til gode å sjå om denne nye

etterforskinga kan kaste nytt lys over Sandstrømsaka.

Vi veit ikkje om Sarpsborgpolitiet er dyktigare enn kollegaene

i Oslo. Det som imidlertid er heilt sikkert, er at heile denne

saka ville lidd ein stille død i politiets arkivskap viss det ikkje

hadde vori for dei stadig nye initiativa frå Tormod Lien. Det

bør mane til ettertanke hos noen kvar. Viss Lien hadde gitt opp

å få politi eller statsadvokat til å reagere, for eksempel etter det

tredje eller fjerde forsøket han gjorde i løpet av 1990, så kunne

vel ingen ha klandra han for det. Det er da grenser for kor

mange gonger ein skal ta belastinga med å 'mase' på ein uvillig

politietat? Hadde Lien gitt seg, ja da hadde Sarpsborg Politikammer

aldri fått dette oppdraget, som i beste fall kan bli starten

på opprullinga av ulike forretningar knytta til Jon Sandstrøm

sin halvstatlege attestklinikk i Øvre Slottsgate 7.

Elles viser jo denne saka ei likegyldighet med habilitetsreglane

som minner om tilsvarande praksis i Oslo Rådhus. Knut

Mikkelsen ved Retts- og påtaleseksjonen var nok klar over at

han var inhabil til å vurdere tiltalespørsmål i narkotikasaka mot

hjelpepleiaren våren 1989. Han hadde jo sjølv vori inne i saka

som forsvarar i startfasen. Dermed var også alle underordna

tenestemenn inhabile, og saka skulle aldri vori vurdert ved den

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

41

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!