05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

ta standpunkt til. I praksis vart det Byrådet og Byrådet sin sentraladministrasjon

som styrte saka vidare. Det naturlege og riktige

hadde vori at dei undersøkte saka og høyrde på begge partane

- administrasjonssjef Egger og legeleiar Bjørkly - for så å

vurdere kva for eit standpunkt Oslo kommune skulle ta. Fordi

Byrådet var overordna begge 'partane', kunne ein slik sakleg

gjennomgang av konfliktstoffet ha ført til ei løysing utan rettssak.

Men Byrådet valde ein annan veg.

Byråd Merete Johnson ringte til Sonja Bjørkly sommaren

1988 for å snakke 'uformelt' om saka. Ho sa at høgrefolk i

bydelen hadde bede henne om det, og fortalde at ho forstod det

var ein del uro i Søndre Nordstrand. Byråden avslutta samtalen

med å forsikre at Oslo kommune var forplikta til å følgje sitt

eige regelverk.

Etter dette inngrepet frå byråd Johnsons side bestemte Byrådet

seg så for å opptre som om saka ikkje eksisterte og late som

om Byrådet ikkje hadde noe med den å gjere. Dei oppretta i

staden ei arbeidsgruppe i sentraladministrasjonen som skulle

handtere saka vidare. Her møttest etter kvart bydelsdirektør

Arne Heilemann, administrasjonssjef Knut Egger, kommuneadvokaten

og ein funksjonær frå sentraladministrasjonen. Det vart

slik utan at Byrådet fatta vedtak om det. Dermed var kommunen

sitt standpunkt låst. Når ein av partane i den opprinnelege

konflikten fekk plass i gruppa som skulle styre saka for kommunen,

måtte det bli konflikt og atter konflikt med Bjørkly,

nokså uavhengig av sakas fakta og andre saklege omsyn.

Høgsterettsadvokat Pål Kraby førte saka for Bjørkly i byretten.

For Oslo kommune gjekk det dårleg, svært dårleg. Byretten

slo fast at tilsetjingsvedtaket var ugyldig og at kommunen hadde

gått på tvers av reglane i ein tariffavtale som fastset dei rettane

som «overtallige» har i Oslo kommune. At Bjørkly ikkje

nådde fram i det andre søksmålet om korvidt ho faktisk hadde

vorti oppsagt, fekk dermed lite å seie. Sett under eitt la dei to

rettsavgjerdene opp til at Oslo kommune skulle behandle tilsetjingssaka

på nytt og i samsvar med gjeldande avtalar og saksbehandlingsreglar.

Saka kunne ha vori løyst og avslutta med dette.

Men verken Byrådet eller arbeidsgruppa som hadde fått lov

85

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!