05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Uryddig byggjesaksbehandling

i Alta

Tvilsomme forhold har utvikla seg innafor delar av den kommunale

forvaltninga i Alta - i ly av Arbeidarpartiet sitt einevelde.

Både ordførar Odd Arne Rasmussen - som seinare vart

varaordførar og fungerande ordførar - og ein erfaren toppolitikar

som tidlegare statssekretær Ole K. Sara har i fleire år forsømt

tilsynsplikta si så grovt at det er grunnlag for å seie at dei

har beskytta grove misforhold.

Ei av sakene har utvikla seg rundt Saga Gjestehus - ei lita

hotellbedrift som mange tilreisande vart kjent med under

junior-NM på ski i slutten av mars 1990. Da var det yrande liv.

Med midlertidig godkjenning frå Fylkesmannen i Finnmark og

alle politiske autoritetar var 140 personar innkvartert på dei 30

gjesteroma som normalt ikkje har plass til fleire enn 60 personar.

Kommunaldepartementet ga i eit skriv datert 23. mars 1990

refs til Fylkesmannen fordi han hadde gitt løyve til ei slik midlertidig

åpning. Saga vart stengt igjen rett etter NM. Den vesle

bedrifta gjekk konkurs noen månader seinare.

I mars månad 1991 kjøpte dei noverande eigarane heile

anlegget frå Nordkapp Sparebank for ca. 3 millionar kroner.

Med ein så låg kjøpesum ligg det godt til rette for lønsam drift i

komande år. Banken hadde på si side fått tilslaget på første

gongs tvangsauksjon med eit bod som var under halvparten av

tidlegare takstverdi. Det hjalp lite at den forrige - konkursramma

- eigaren protesterte på dette bodet og meinte det var urime-

92

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!