05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

det. Ei rad med saker blir førebudd og avgjort i løyndom. Dei

har kutta ut den lange prosessen med kommunal saksbehandling

- og mykje innsyn og opning for offentleg debatt. Bystyret

- som i teorien er det øvste organet i kommunen - er spela ut

over sidelina, fordi det ikkje får lov til å setje seg inn i kva

byrådet og resten av kommunen eigenleg driv med. I saker der

kommunestyret eller formannskapet skal ha avgjerda, er det

berre dei dokumenta som kommunerådet «siler» ut, som utgjer

dei offisielle saksdokumenta. Kommunerådet tar seg rett til å

sensurere vekk alle uttalingar og fakta som går imot dei konklusjonane

dei vil ha.

Kommunelovutvalet ønskjer også at «en skal kunne gå ett

skritt videre» når kommunane skal få lov til å kopiere byrådsystemet

i Oslo: «Rådet (by- eller kommunerådet, forf. anm.) bør

få adgang til å videredelegere avgjørelsesmyndighet til enkeltmedlemmer»,

og «gi dem ansvar for å legge fram saker for folkevalgte

organer» 4 Dette betyr at einskildmedlemmer av kommunerådet

får makt til å avgjere viktige saker i einerom, og at

vedtaket ikkje eingong trengst å førast inn i kommunerådet sine

protokollar som idag i det minste vert offentleg etter at saka er

avgjort. Bernt-utvalet går også inn for at personar utafor det

folkevalde kommunestyret kan oppnemnast som medlem av

kommunerådet, og at ordførar og kommunerådsleiaren får

myndighet til å avgjere store saker aleine «hvis det ikke er tid

til å innkalle kommunestyre, fylkesting eller en nemnd med en

slik kompetanse».

Eit slikt system er som skapt for maktmisbruk og korrupsjon.

Slik byrådsystemet i Oslo fungerer i praksis, har det sjokkert

fleire enn berre Raud Valallianse. Smith-utvalet, f. eks., er

kritisk til heile systemet:

«Det parlamentariske styringssystem har neppe i seg selv

ført til noen bedre utøvelse av folkevalgt tilsyn og kontroll i

Oslo kommune. På visse punkter kan mulighetene for effektivt

tilsyn fra de folkevalgte snarere ha blitt svekket. Dette skyldes

bl.a. at de politisk sammensatte avdelingsutvalg falt bort uten at

andre, like gode muligheter for folkevalgt innsyn i den samlede

virksomhet i kommunen kom i stedet» 5 .

204

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!