05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Nordli for legalitetskontroll, godkjende han at ordføraren hadde

sett kommunestyrevedtaket til side.

Desse tilfeldige eksempla skulle vere nok til å vise at både ordførar

Nyberg og fylkesmann Oddvar Nordli er inhabile fordi

dei på ulikt vis har deltatt i behandlinga av saker som bør bli

omfatta av formannskapet sitt granskingsvedtak.

Men Oddvar Nordli er ikkje snauare enn at han har feilinformert

Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Han har både

skriftleg og muntleg gitt uttrykk for at det einaste som eventuelt

kunne gjere han inhabil er den personlege kjennskapen han har

til Nyberg og Gran gjennom mange års politisk arbeid. Han har

spesielt sagt frå til departementet at dei saksområda som skal

granskast «ikke tidligere har vært oppe til vurdering ved fylkesmannens

kontor» 68. Dei som har vurdert saka i departementet

sa tvert nei takk da representanten Olav Teppen sa han gjerne

ville sende dei meir informasjon om saksforhold som gjer

Nordli inhabil. Departementet ønskte ikkje å bli informert!

Det er Tove Strand Gerhardsen som er statsråd i det departementet

som har gitt ryggstøtte til Oddvar Nordli. Slik er sentrale

Arbeiderpartifolk inne på alle ledd - i kommunen, i fylket og

i departementet - for å hindre at det skjer ei uhilda gransking av

den maktmisbruken som særleg ordførar Nyberg og rådmann

Gran har stått for i mange år.

Det som starta opp i oktober 1990 som falsk ryktespreiing

mot kommunekasseraren som skulle gjerast til syndebukk, har

utvikla seg til å bli ein solid dokumentasjon på at tidlegare

statsminister Oddvar Nordli går på tvers av lova og gir usanne

opplysningar i strevet sitt for å hjelpe rådmann Martin Gran og

den sentrale partikameraten Arvid Nyberg som er ordførar i

Trysil.

■ Skulde på fortida: «Dette hører fortiden til - jeg

rydda opp straks jeg tok over som leder»

Denne metoden finst i ulike variantar. Ein organisasjon eller

etat skiftar leiar eller toppfigur utan å ta eit oppgjer med dei

184

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!