05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

frå august 1981. Knapt tre år seinare vart han konstituert som

politiadjutant, og hausten 1985 flytta han over til Asker og

Bærum Politikammer der han var ei tid før han vart privatpraktiserande

forsvarsadvokat. I januar 1989 - eit par månader etter at

Lien vart arrestert - slutta han som advokat og gjekk tilbake til

Oslo-politiet der han raskt vart leiar for Retts- og påtaleseksjonen

ved Kriminalavdelinga. Han har denne stillinga framleis.

Hausten 1990 søkte han jobben som sjef for narkotikaseksjonen,

men etter lang ventetid kom Justisdepartementet i april 1991

fram til at dei skulle gå på tvers av politimeister Haugli si vilje i

denne saka. Departementet tilsette ein som sto bak Mikkelsen på

Hauglis innstilling, som ny sjef for narkotikaseksjonen.

Narkotikaetterforskinga mot den arresterte Lien og mot

fangen som vart arrestert samtidig, gjekk sin gang utover vinteren

1989. Etter at brev og besøksforbodet var oppheva, gjekk

det ei stund før Lien høyrde noe frå arbeidskameratane sine.

Den første som kom på besøk, fortalde at psykolog Sandstrøm

hadde orientert alle om at det var best dei ikkje besøkte Tormod

i fengslet. Sandstrøm hadde nemleg sjølv vori på besøk, og han

hadde forklart for dei andre medarbeidarane ved fengselssjukehuset

at det no stod slik til med Tormod at det var best om ingen

av kollegaene besøkte han. - Hjelpepleiaren vart både forundra

og skuffa over dette, ettersom han korkje hadde sett eller

høyrt noe til Sandstrøm etter at han vart arrestert.

Tormod Lien fekk kjennskap til korrupsjonsskuldingane mot

Sandstrøm mens han sjølv satt i fengsel. Han bestemte seg for å

fortelje det han visste. Derfor tok han kontakt med journalist

Hans Chr. Finstad som hadde skrivi om saka i Nå. Finstad tok

saka på alvor, og i samråd med Lien orienterte han daverande

kriminalsjef Magnar Aukrust ved Oslo Politikammer. Aukrust

reagerte kjapt. Internt på kammeret var det økonomiavsnittet

som hadde Sandstrøm-saka, men det vart fort bestemt at ein av

dei erfarne etterforskarane frå narkotikaseksjonen - som kjende

Lien frå før - skulle reise opp til Trondheim for å få ei forklaring

frå han. Etterforskaren reiste til Trondheim få dagar etter at

Finstad hadde kontakta kriminalsjefen. Ein tenestemann frå

Trondheim Politikammer var og til stades mens Tormod Lien

forklarte seg.

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

37

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!