05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Myhre ordførar. Desse politikarane skulle ha tilsyn og kontroll

med drifta i selskapet. Dei skulle sjå til at selskapet heldt seg til

vedtektene som formannskapet hadde godkjent, og at dei økonomiske

disposisjonane både var innafor ramma av norsk lov

og i samsvar med kommunen sine interesser. Men som vi skal

sjå, det klarte dei ikkje.

Grønland Byfornyelse vart bygd opp rundt Ap-folk.

Gjennom eit spindelvev av verv vart Grønland Byfornyelse

knytta til Fagbygg, fagrørsla sitt eige entreprenørselskap. Det

kommunale tilsynet var det i stor grad Høgre-folk og ein

erklært anti-sosialist som Peter N. Myhre som tok seg av. Korleis

kunne det skje at Myhre som er tilhengar av ein fri marknad

og motstandar av LO-makt, såg gjennom fingrane med at

framståande politikarer frå Arbeiderpartiet «fiksa og ordna» og

mjølka selskapet som dei ville?

Grønland Byfornyelse blir til

Det var midt på syttitalet, då Fridtjov Johansen jobba som sivilingeniør

hos eit dotterselskap av Dyno Industrier, at han sikta

seg inn mot Oslo kommune. Han ville opprette eit saneringsselskap

der kommunen var med. Framlegget hans gjekk ut på at

selskapet skulle fornye eit kvartal på GrUnerløkka, der Frelsesarmeen

sitt 3. korps held til. Johansen er nemleg frelsessoldat.

Han slo samstundes frampå om at saneringsselskapet og kunne

ta på seg fleire og større oppgåver for kommunen.

Men kommunen ønskte inga slik fornying av dette særskilde

kvartalet. Dessutan var Boligrådmannen redd for å få for

mange selskap der kommunen fekk medansvar. Han rekna og

med at dette saneringsselskapet ville bli altfor tilfeldig samansett

til at ein kunne gjere det til ein vesentleg reiskap for kommunen.

Men politikarane la ikkje vekt på Boligrådmannen sin

skepsis, og fann eit anna kvartal i indre by der den sjølvutnemnde

byfornyaren skulle få prøve seg. Valet fall på eit

kvartal tett inntil Akerselva på Grønland der kommunen sjølv

eigde innpå 90 prosent av gårdane. Selskapet fekk namnet

Grønland Byfornyelse A/S då det var klart kva for bydel Fridt-

100

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!