05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Karin Holmsen hadde skrivi notatet sitt. Redaksjonen i Dagbladet

hadde laga ein større reportasje som skulle ha titelen «Kongen

av Oslo» og dekke to sider torsdag 10. september 1987,

fire dagar før kommunevalet. Det var planlagt å følgje opp med

forskjellige kommentarar på fredagen.

Denne reportasjen vart aldri trykt. Da byrådsleiar Svelland

fekk kjennskap til prosjektet noen få dagar på førehand, kontakta

han Dagbladet, med hjelp av advokaten sin. Toppleiinga i

Dagbladet bestemte så at reportasjen om «Kongen av Oslo»

skulle gå i papirkorga.

Vi påstår ikkje at Hans Svelland «brukte» sin eigen plan om

vederlagsfri overføring av Bjørnsgård i denne kollisjonen med

Dagblad-leiinga. Men Dagbladet si truverdighet blir svekka av

at dei bøygde av for press frå Svellands advokat samtidig som

dei gjekk og venta på om dei skulle «få» Bjørnsgård på ein

måte som etter byråd Holmsen sitt skjønn var ei «ren gavepakke».

III Reiser som metode for å lage «kultur» eller

ukultur

Reisemetoden er ikkje ulik «julebordmetoden» når det gjeld å

knytte tette band mellom private leverandørar og nøkkelpersonar

i kommunal forvaltning. Reiseverksemd styrker den sosiale

fellesskapen mellom partane. Den slags kan utnyttast når alle

partar er tilbake i kvardagen.

Eit eksempel som viser kor gale det kan gå, er den korrupte

seksjonssjefen i tidlegare Boligetaten i Oslo som fekk vere med

til Las Vegas i USA. Firmaet som spanderte turen fekk nok

dekka reiseutgifta mange gonger ved leveranser til etaten der

seksjonssjefen jobba og ved at han attesterte for oppdrag som

aldri var utført.

■ Skaffe seg ein syndebukk - slik Trysil-rådmannen

gjorde

Ryktespreiing frå ein maktperson er eit farleg våpen. Kommunekasseraren

i Trysil fekk oppleve det i oktober 1990. Han har

180

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!