05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Varanger - som bør betale både for garantien til A/L Samfunnshuset

og dei andre følgjene kinosaka får.

Det er Ap som har makta

Hotellinvestorane har mykje å takke enkelte av Arbeiderpartiet

sine nøkkelpersonar i Sør-Varanger for. Ei sikker inntektskjelde

i 16 år er ikkje å forakte. Og dei viser takksemd - på sin måte.

Da Finnmark Arbeiderparti skulle ha årsmøtet sitt på Kirkenes

Arctic Hotell 10.-12. februar 1989, var ikkje Rica-direktøren

snauare enn at ho «glømte» at den kommunale kinoen har ein

kontraktsfesta rett til å bruke dei to konferansesalane til kinodrift

på kveldstid.

Kinoen skulle vise publikumssuksessen «Hvem lurte Roger

Rabbit» i dagane frå fredag 10. til måndag 13. februar. Da den

kommunale kinosekretæren fekk høyre at hotellet hadde andre

planar, las ho opp kontrakten for hotelldirektøren. Dette gjorde

lite inntrykk. For direktøren hadde «allerede 'booket' inn leietakerne,

Finnmark Arbeiderpartis årsmøte, og kunne ikke bryte

avtalen med dem», som den nye kultursjefen - Fløtten etterfølgjar

- uttrykker det i eit brev til Kommunerevisoren. Stort klarare

går det vel ikkje an å få demonstrert at det er Arbeiderpartiet

som har makta - og er makta. Leiaren i hovudutvalet for

kirke og kultur - Ap-politikaren Ole Eliassen - ringte fleire

gonger til kinosekretæren og ba henne «la være å vise filmen

10. og 11. februar».

Det vart sjølvsagt slik. Arbeiderpartiet fekk viljen sin - og

den kommunale kinoen tapte ca. 22 000 kroner. Det kommunale

desisjonsutvalet undersøkte saka og slo nøkternt fast at kinoen

vart påført dette tapet «ved at Rica Arctic Hotel tilsidesetter

den leieavtale som er inngått mellom hotelleierne og Sør-

Varanger kommune». Desisjonsutvalet sende resultatet av

undersøkingane sine over til kommunestyret og ba dei folkevalde

«straks ta stilling til om dette kan få konsekvenser for de

ansvarlige i kulturetaten som har bøyd seg for presset fra Rica

Arctic Hotel». Desisjonsutvalet slo fast at det kommunale tapet

på 22 000 kroner var resultat av «utidig press sammen med

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

71

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!