05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

mot rådmann Gran i stor grad rammar ordføraren bg. Dei to har

hatt eit tett samarbeid i dei omlag 20 åra dei har hatt posisjonane

som rådmann og ordførar i Trysil. I tillegg er det slik at

fleire av sakene som skal granskast, gjeld avgjerder der Nyberg

har spela ei heilt sentral rolle. Ordføraren kan ikkje vere habil

til å førebu ei gransking som til ein viss grad blir ei gransking

av han sjølv, sjølv om det formelt sett handlar om rådmannen

sin handlemåte.

Åtte av dei ni i formannskapet sa tvert nei til Olav Teppen

sitt forslag om ei uhilda gransking. Tvert imot vedtok dei at

«formannskapet anmoder fylkesmannen om å gjennomgå og

vurdere rådmannens saksbehandling i de saksområder/saker

som er nevnt i saksframleggets punkt 3.»

Det som var nemnt i «punkt 3» var to omfattande saksområde,

nemleg «manglende økonomistyring de senere årene (oppfølging

- rutiner)» og «håndteringen av personalsaker». Under

det siste saksområdet står det at det «ble i denne sammenheng

bl.a. vist til» tre konkrete saker. I saksframlegget til formannskapet

skriv Nyberg at han oppfattar det «slik at Teppen mener

at det nærmest skal foretas en total gjennomgang av rådmannens

virke».

Ordførar Nyberg snakka med fylkesmann Oddvar Nordli før

formannskapsmøtet og fekk stadfesta at Nordli var «villig til å

gjennomgå saken nærmere dersom formannskapet ber om dette»65..

Oddvar Nordli var rask og oppnemnde assisterande fylkesmann

Ola Skjølaas, tidlegare formann i Hamar Arbeiderparti,

til å vere leiar i eit utval som skulle undersøke forholda. Han

peika og ut eit par andre rådmanns- og partikameratar til utvalet.

Samtidig laga fylkesmann Nordli ei viktig innsnevring av

mandatet for granskinga. I oppnemningsbrevet til medlemmene

i utvalet skriv han at det no berre handlar om tre konkrete

enkeltsaker. Og så seier han - stikk i strid med ordlyden i saksframlegget

og vedtaket i formannskapet at «etter fylkesmannens

vurdering er det formannskapets forutsetning at disse tre

punktene skal undersøkes nærmere». Rådmann Gran og ordførar

Nyberg kunne ikkje fått betre handsrekning enn dette frå

ven og partikamerat Oddvar Nordli.

182

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!