05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

isolert sett er det formelle vedtaket om «å begjære skjønn» tilsynelatande

eit ledd i den byfornyingsprosessen som vart starta

for fleire år sia, og som bl.a. skulle føre fram til ein ny eigarstruktur.

Siktemålet har vori at leigetakarane skulle få overta og

danne burettslag. Korleis kan det da ha seg at `gårdeigarpartia'

i byrådet fremjer eit forslag om å gå vidare på ein prosess som

har til formål å overføre eigedomsretten til leigetakarane? Forklaringa

på dette finn vi i punkt 2 i vedtaket, som kort og enkelt

seier at «Byrådet gis fullmakt til å gjennomføre punkt 1 i samsvar

med premissene for denne saken». I «premissene» står det

nemleg med klare ord at «byrådet ønsker i utgangspunktet å

unngå erverv av eiendommer,...» og at «selvom det er begjært

skjønn fortsetter forhandlinger med eier med tanke på å inngå

avtale og dermed heve saken som forlikt» 73 .

Punkt 2 i denne saka vart vedtatt med 83 mot 2 røyster i

bystyret. Dermed hadde gårdeigarvenene i byrådet fått støtte

frå Ap og SV på at byrådet kan gå så langt dei vil i å la gårdeigarane

få tilbake råderetten over dei eigedomane som elles

skulle ha vorti overtatt av leigetakarane.

■ Underhandsavtalar eller førehandslovnader som

avgjer utfallet av ei sak

Av og til gir sentrale politikarar førehandslovnad på ein slik

måte at dei sjølv føler seg bundne. Det blir enda verre viss lovnaden

er gitt på ein slik måte at motparten trur han har hatt med

kommunen å gjere, og altså trur han har fått ein bindande,

muntleg avtale med kommunen. Vi skal sjå på eit tilfelle der to

av byrådane i Oslo vart oppfatta som om dei hadde kompetanse

til å inngå bindande avtalar på vegne av kommunen.

Byrådane Michael Tetzschner og Sigurd Østen har i det stille

- og til dels i samarbeid med tidlegare justisminister Else

Bugge Fougner - gjort ein innsats for å hjelpe toppane i

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) med å redusere det

økonomiske tapet etter den feilinvesteringa NHO gjorde i Dittenkvartalet.

Da NHO kjøpte seg kommunal tomt til Næringslivets Hus i

192

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!