05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

alforsamlinga i Hotelgaarden 28. juni 1990 å utarbeide nye

årsmeldingar for 1987 og 1988, og å be kommunerevisjonen

om å få dei gamle i retur!

Men den vidløftige Johansen hadde større planar. Ikkje berre

slo han frampå om parkeringshus-prosjekt noen kvartal unna

hovudkvarteret på Grønland. Nei, det galdt opera! Den Norske

Opera hadde bruk for betre lokale, og den nedlagte Vestbanestasjonen

var eit muleg alternativ. Selskapet brukte rundt

10 000 kroner på det prosjektet.

Ikkje lenge etter operaprosjektet kom kommunerevisjonen

på banen med ein grundig gjennomgang av selskapet. Grønland

Byfornyelse skal utbetre dei vedtekne kvartala på Grønland,

ikkje byggje opera, meinte revisjonen. Men styret var ikkje

utan vidare samd i den kritikken. På eit møte den 2. mars 1990

meiner styret ifølgje protokollen at det «ikke hadde vært unaturlig

om selskapets formål endres og utvides». Eit snaut år

etter går styreformann Ivar Moe enda vidare. I ein attest til

Fridtjov Johansen presterer han å skrive: «Selskapets oppgaver

har vært å foreta fornyelse av kvartaler fortrinnsvis i Grønlands-området,

men også fornyelsesoppgaver andre steder i

byen.» Dette viser at styreformannen i Grønland Byfornyelse

sette formannskapsvedtaka om byfornyinga på Grønland og

sine eigne selskapsvedtekter til sides.

Kupp i Oslo Ap

Ei hovudsak med byfornyinga, slik kommunen såg det først på

80-talet, var at det ikkje skulle bli dyrare enn at dei som budde i

leilighetene, skulle ha råd til å kome tilbake etter utbetringa. I

dette låg det ei satsing på utbetring i staden for riving og

nybygging. Ved planlegginga av eit stort kvartal på Grønland

gjekk arbeidet føre seg på to frontar. Dei som budde i kvartalet,

deltok i ei brukargruppe, og sa meininga si om korleis området

skulle sjå ut i framtida. Dei kravde utbetring og sa nei til riving.

Samstundes engasjerte Grønland Byfornyelse arkitektfirmaet

Fosse & Aasen til å lage planar om riving og nybygging i

dette kvartalet og i nabokvartalet.

103

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!