05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Noen av dei lov- og regelbrota som gir korrupsjonen gode

vekstvilkår er nekting av innsynsrett, brot på habilitetsreglane,

uklare grunngjevingar av og uklare formuleringar i vedtak,

sabotasje av tilsynsplikt, oppsplitting av saker i mindre enkeltsaker

osb.

Korrupsjonsbeskyttarane

Både den offentlege debatten og det nødvendige, landsomfattande

oppryddingsarbeidet, krev ein mest muleg presis begrepsbruk.

Fordi etterkrigs-Norge i språkleg forstand har vori korrupsjonsfritt,

trengs det enkelte nye ord og begrep.

Det er nødvendig å skilje mellom det som er korrupsjon

eller korrupt handlemåte og det som er korrupsjonsbeskyttelse.

Ein korrupsjonsbeskyttar er ein person som bruker makta si

eller posisjonen sin slik at han hindrar avdekking av sin eigen

eller andres korrupte handlemåte. Ein korrupsjonsbeskyttar kan

derfor vere `ukorrupt' sjølv. Han kan til og med vere i subjektivt

god tru, dvs. at han er så godtruande at han er sikker på at

det ikkje finst korrupsjon nord for Sicilia, eller i alle fall ikkje i

hans kommune. Men fordi han legg lokk over «ei råtten sak»,

så får stanken breie seg og gjere meir skade enn det som alt har

skjedd.

Det er også nødvendig å innføre eit skilje mellom direkte og

indirekte korrupsjonsbeskyttelse.

Direkte korrupsjonsbeskyttelse tar sikte på å hindre at ulike

misforhold eller regelbrot blir kjent. I slik samanheng kan både

den korrupte sjølv og utanforståande vere korrupsjonsbeskyttarar.

Det er altså snakk om å gjere nye lov- eller regelbrot for å

skjule tidlegare lovbrot eller misforhold som kan innehalde lovbrot.

Metodane kan f. eks. vere å halde brev utom postjournal

eller offentleghet, fjerne eller brenne følsomme dokument, gi

usanne opplysningar til kommunestyre og massemedia og samordne

forklaringar som skal gjevast til presse eller granskingsorgan.

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

127

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!