05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

innvendingar mot å bruke attesten frå Undersrud. Viss advokatforeninga

godtar at ein advokat bruker ein fabrikkert psykologattest

som hjelpemiddel for å villeie retten, så er det det same

som å godta at advokatar bruker fabrikkerte dokument som

bevis, sjølv om dei veit at dette er i strid med fakta. Og der går

det ei grense, som advokatforeninga skal stå vakt om, om vi har

forstått dei etiske nonnene som gjeld for advokatstanden rett.

Tilsvarande må gjelde for psykologforeninga. Viss dei kan la

Undersrud vere psykolog med reint rulleblad - som om ingen

ting var skjedd - etter dette, så har dei samtidig signalisert at foreningas

etiske retningsliner ikkje er alvorleg meint. «Etiske prinsipper

for nordiske psykologer» er eit normsett som er bindande

for alle medlemmer i dei nordiske psykologforeningane «under

utøvelse av enhver form for psykologisk yrkesvirksomhet».

Begge yrkesgruppene bør sjølv sørge for ein grenseoppgang.

Og den grenseoppgangen bør skje på ein slik måte at ein ikkje

legg hinder for at både helsepersonell og advokatar kan engasjere

seg sterkt og sakleg til fordel for personar som blir tiltalt

for straffbare handlingar. Utan slik grensetrekking vil ein del av

grunnlaget for vanlege folks tiltru forsvinne, både til psykologar

og advokatar.

Da Pornokongen gjekk til psykologen

Leif Hagen er ein av dei mange som vart klientar i den private

fritidspraksisen til fengselspsykolog Jon Sandstrøm. Sjølv har

Sandstrøm så seint som i april 1991 fortalt at han går frå heildagsjobben

i fengslet i 13.30-tida og så driv privatpraksis

resten av dagen. Den første dagen han hadde pornogrossisten til

behandling, starta privatpraksisen enda tidlegare.

Sjølv om han kanskje kunne trenge det, så var det ikkje vanleg

psykologhjelp pornomillionær Leif Hagen var ute etter 3.

mars 1988. Advokat Halvor Bache Halvorsen - som mista

advokatløyvet sitt på 70-talet - har ansvaret for mykje av dei

daglege forretningane i Hagens omorganiserte pomoimperium.

Men av og til må han også ta seg av noen av dei personlege

problema som den tidlegare eigaren strir med. Tidleg i 1988

3 Sannheta om boblebadet

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

33

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!