05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

vil bruke lokal - eller i alle fall norsk - leverandør av omsyn til

sysselsetjing og busetjing. Oslo bystyre har vedtatt at kommunen

ikkje skal bruke entreprenørar som bruker kontraktørar,

men dette vedtaket er sabotert ved fleire store kommunale byggjeoppdrag,

slik som f. eks. Oslo Byhall.

Eksempel: Ein skal vere på vakt når det ikkje blir protokollført

kva som er årsak til å sjå vekk frå det tilbodet som økonomisk

sett er best. Styret i Grønland Byfornyelse A/S vedtok

8. oktober 1990 å sjå vekk frå høgste pristilbod da dei selde

eigedomen Grønland 30-34. Ein kjøpar som hadde særskilde

kontaktar vart tilgodesett, utan at det er protokollført noen

grunn for dette.

Anbud blir bg brukt som metode for å splitte opp og privatisere

kommunale etatar. Høgrebyrådet i Oslo har sett fleire bussruter

ut på anbud. Ettersom det ikkje er lagt inn strenge miljøkrav

i anbudsinnbydinga, kan dei vinne fram dei som forurensar

mest og som tilbyr dårlegast løn og dårlegast arbeidsmiljø

for sjåførane. Anbud i kollektivtrafikken gjer det muleg å konkurrere

ved hjelp av auka forurensing og lønsnedslag, og vil på

litt sikt føre til dårlegare rutetilbod og tryggleik for dei som reiser

kollektivt.

Det er smått med praktisk bruk av lovverket på dette feltet.

Eksempel: Oslopolitiet meiner det ikkje skal vere straffbart å

bruke stillinga si som kommunal etatsjef til å arrangere ein

fingert anbudskonkurranse for å hjelpe eit bestemt firma. Det sa

politifullmektig Vidar Tholin - kjend som aktor i Karoli-saka -

rett ut da han la vekk saka mot den tidlegare høgrepolitikaren

som fram til 1988 var trafikksjef i Oslo. Sjølv om det dokumenterte

kommunale tapet var over 4 millionar kroner i ei

anbudssak, så var ikkje saka stor nok til å setje i gang etterforsking.

Oslopolitiet og Statsadvokaten i Eidsivating meiner heller

ikkje det skal vere straffbart å lyge for å halde skjult for

kommunestyret at ein anbudskonkurranse har vorti gjennomført

på fingert vis. Dette viste dei da dei la vekk saka mot Hans

Svelland.

134

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!