05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

ein forsvarar som opptrer på den mistenkte sine premissar. Det

er ein del av rettssikkerheta. Det er heller ikkje urimeleg at ein

person som blir offentleg kritisert for sine eigne handlingar,

søkjer juridisk hjelp og gode råd.

Men om vi tar tidlegare varaordførar Heggen Larsens samrøre

med partisponsor Arild Siggestrøm som eksempel, ser vi at

det ikkje var noe av dette som skjedde. Da handla det kort og

enkelt om å betale ein advokat for å gi massemedia ei usann

framstilling av spørsmålet om betaling for ein leveranse verdt

fleire titusenar. (Sjå side 19.) Slik slapp den korrupsjonsmistenkte

å svare sjølv på vanskelege spørsmål frå journalistar som

var nær ved å finne fram til sannheta.

■ Byggherrekontroll

Når kommunen - eller ein annan byggherre - kjøper tenester frå

ein entreprenør, så har dei to partane motsette interesser. Byggherren

vil ha jobben gjort så billeg som muleg og med avtalt

kvalitet. Entreprenøren skal tene pengar. Slurv og forenkling

som byggherren ikkje oppdagar, og ei slik fortolking av

kontrakten at mykje av jobben blir tilleggsarbeid - i beste fall

mot timerekning, er to sikre pengekjelder. Bruk av dyrare materialar

og meir omfattande arbeid enn nødvendig, kan INg gi ekstrainntekter.

Det nyttar lite å moralisere over at det er eit slikt

objektivt motsetnadsforhold mellom byggherre og entreprenør.

Poenget er at kommunen må organisere ein effektiv byggherrekontroll

på byggjeplassen. Det betyr at kommunen sjølv må ha

ein eller fleire personar som er på staden når arbeidet blir

utført. Ein som kan kontrollere at det blir brukt riktig rørdimensjon,

riktig betongkvalitet, riktig type fyllmasse osv.

Ved visse typar tunnelarbeid er det f. eks. nødvendig å sprøyte

kjemisk tetningsstoff inn i fjellmassen rundt tunnelen. I

kontrakten står det kor tette og kor djupe injeksjonshol som

skal borast og kor høgt trykk som skal brukast ved innsprøytinga.

Viss kontrolløren ikkje er der og ser til at dette faktisk

skjer på den måten og i det omfanget som er avtalefesta, så

hjelper det lite kva som står i kontrakten. Etterpå er det nemlig

141

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!