05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

gruppe ønskjer å kjøpe ei kommunal tomt billeg for å byggje

eit større kontor- eller forretningskompleks. Dette kan ordnast

ved først å kjøpe tomta til ein pris som kommunestyret godtar.

Etterpå legg den nye eigaren fram forslag om omregulering,

slik at tomta får høgare utnyttingsgrad og dermed ein langt

høgare verdi. Viss det ikkje er eit punkt i kjøpekontrakten om å

justere kjøpesummen i samsvar med auka utnyttingsgrad, vil ei

slik omregulering kort tid etter tomtesalet, bety akkurat det

same som prisavslag. Fleire av dei store kommunale tomtesala i

Oslo på 80-talet vart ordna på denne måten. RV foreslo 12.

november 1986 for Oslo bystyre å ta inn ei standardformulering

i alle kommunale tomtesalskontraktar om at «dersom

utnyttelsen endres (i forhold til det som er lagt til grunn på

salgstidspunktet) skal prisen endres tilsvarende». Forslaget vart

ikkje vedtatt. Det vart sendt over til byrådet, men Formannskapets

tilsynsutval opplyser i mai 1991 at forslaget «er tatt hensyn

til ved senere kontraktsforhandlinger i forbindelse med salg av

eiendom.» Viss det er riktig, har det betydd mykje for Oslos

økonomi55 .

■ Opplysningsplikt og forsvarleg førebuing av saker

Kommunelovas § 33 slår fast at ordføraren «drar omsorg for at

de saker som foreligger, er forberedt på forsvarlig måte og forestår

protokolleringen». Det er eit stort ansvar lova dermed har

lagt på den personen som er ordførar. Sjølv om det skulle vere

andre som fuskar eller slurvar med førebuing av ei sak, så ligg

ansvaret hos ordføraren når saka blir lagt fram i kommunestyret.

Det er han personleg som fastset den minstestandarden ei

saksframstilling skal ha før kommunestyret kan behandle saka.

Smith-utvalet slår fast at «det selvfølgelige utgangspunkt er

at enhver beslutningstager har krav på sann og dekkende informasjon

i den grad forholdene gjør det mulig. Dette gjelder både

når beslutningstageren er en enkeltperson og når avgjørelsen

skal treffes av et kollegialt organ» 56.

Av praktiske grunnar kan ikkje ordføraren utføre alt arbeidet

sjølv. «I den tradisjonelle kommuneforvaltning vil altså råd-

174

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!