05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Hos ein norsk forhandlar ville denne bilen ha kosta 850 000

kroner. Men heller ikkje dette var noe å satse på for Jon Sandstrøm.

I januar 1990 oppsøkte han ein bilforhandlar i hovudstaden

for å bytte brukt mot nytt. Frå den dagen er han eigar av

ein Mercedes 300 SL, cabrioletmodell av 1990-årgang. Nyprisen

på ein slik bil utan ekstrautstyr var i overkant av 950 000

kroner. Med det tilleggsutstyret som kjennest naturleg eller

nødvendig for å halde ein rimeleg stil, er det fort gjort å kome

eit par hundretusen over millionen.

Dette høge mercedesforbruket og det private forbruket hans

forøvrig, tyder på at han har brukbare inntekter frå den privatpraksisen

han driv på ettermiddag og kveld etter at den krevjande

arbeidsdagen ved fengselssjukehuset er til ende.

Uavhengig av dette har psykolog Jon Sandstrøm skaffa seg

eit solid rykte som ein person som kan hjelpe til å skaffe attestar

til ulike føremål. Vi har snakka med noen av dei som -

direkte eller indirekte - har erfaring med ulike former for samarbeid

med psykologen. Det dei fortel, viser at psykologen har

gjort seg fullt fortent til det ryktet han har fått, ikkje minst i

delar av dei halvkriminelle miljøa i hovudstaden.

Slapp unna soning på grunn av falsk attest

Hjelpepleiar Tormod Lien som fekk jobb ved fengselssjukehuset

i Oslo midt på 80-talet, kom raskt i samarbeid med psykolog

Jon Sandstrøm. Psykologen viste den nye medarbeidaren

stor tillit og ga han mellom anna til oppgave å vere kontaktperson

for ein fange som sona ein lengre narkotikadom.

Hausten 1986 vart hjelpepleiaren tatt for promillekøyring.

Blodprøva fjerna all tvil. Saka var opplagt. Han kom til å bli

dømt. Ut frå innarbeidd rettspraksis måtte han rekne med fengsel

utan vilkår. Fordi han var fengselstenestemann måtte han vere

budd på ei tilleggsstraff som var hardare enn sjølve soninga: Han

kom til å miste jobben. Der er fengselslova nådelaus: Ein person

som har sona i norsk fengsel får ikkje halde fram som fengselstenestemann

etterpå. Hjelpepleiaren var fortvila - over sin eigen

dumskap og over dei alvorlege følgjene dette ville få.

28

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!