05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

tha Seim Valeur (H) sat i styret som taus og uvitande kommunal

tilsynsperson. Svindlarane kjøpte og kjøpte, for lånte pengar

og til rimeleg pris. Så selde dei mange av tomtene vidare

med god gevinst og forsvann før det var tid for betaling av renter

og avdrag i banken.

Så - på hausten 1989 - vart saka «avslørt» offentleg. Det vart

fort klart at det var snakk om svindel og bedrageri. Det var

også klart at det var gjort fleire feil i den underbemanna eigedomsetaten.

Først mykje seinare vart det klart at sjølvaste

byrådsleiaren hadde vorti personleg informert utan å gripe inn,

og at den avgjerande salsfullmakta var signert av næraste medarbeidaren

hans.

Byrådet var ute av stand til å rydde opp, fordi det viktigaste

for dei var å berge sitt eige skinn.

Vi er nokså sikre på at denne svindelaffæren med kommunale

verdiar ikkje hadde vorti avslørt viss det ikkje hadde vori for

foreldregruppa på Korsvoll. Dei hadde ingenting å skjule og

hadde ingenting å tape på at heile sannheta kom fram. Tvert i

mot leid dei eit indirekte tap sjølv på grunn av tomtesvindelen.

Byrådsleiar Tetzschner - som etter det vi veit, ikkje var personleg

involvert i noe slags samarbeide med den vesle svindlargruppa

- måtte ty til usannheter istaden for å rydde opp. Han

vreid på fakta og snakka usant da han orienterte bystyret. ikkje

fordi han sjølv hadde utført korrupte handlingar i denne saka,

men fordi han skulle skjule det politiske medansvaret han sjølv

sat med.

Etter vårt syn er dette ei viktig erfaring. Skal det bli opprydding,

så må det drivast fram nedafrå - av dei som taper på korrupsjonen

og derfor har eigeninteresse av fullstendig opprydding.

Derfor er din innsats uunnverleg. Viss du stoler på at politikarar

og andre med maktposisjon skal ordne opp, så må du

også avfinne deg med at oppryddinga blir halvhjarta eller enda

dårlegare enn det. Også juristen Carl August Fleischer er inne

på dette i foredraget sitt om «Det korrupte Norge». Han advarer

mot husmannsånd og tiltru til at dei som sit med makta - eller

den sterke mann - skal ordne opp. Og Fleischer meiner det i

grunnen alt for sjeldan vert reagert i saker som handler om korrupsjon

og maktmisbruk her til lands. Han viser til at nordmenn

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

199

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!