05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

sen frå Ap jobben med å leggje fram forslaget til leigeavtale

med Morten Johnson. Formannskapet fekk saka på bordet 12.

april 1988. Avtaleutkastet - som var laga av byråkratar i kommuneadministrasjonen

der pappa Johnson var sjef - vekte kanskje

litt oppstuss blant formannskapsmedlemmene. Det forslaget

gjekk ut på, var jo grov subsidiering av utplukka, unge forretningsfolk

i Bodø. Men, då dei folkevalde kom så langt at dei

skulle stemme, var alle - frå FrP til SV - for avtalen.

Det vart ein del folkesnakk etter kvart som avtalen vart kjent

i Bodø. Ein fortvila skattebetalar sa det slik i eit lesarbrev til

Nordlands Framtid 20. mars 1989:

«Jeg påstår ikke at slektsforhold mellom leier og rådmannen

er avgjørende for leiestørrelsen, men det er fristende å tro

det.»

Det vart også snakk fordi Joes Garage ikkje heldt dei offentlege

toaletta åpne for «allmennheten» slik kommunen betalte

dei for, men berre for dei som var gjester på diskoteket. Det

vart særleg ille i august 1989 då Morten Johnson og venene

hans laga strippeshow, der det mannlege klientellet m.a. fekk

slikke krem av puppane til dei fire omreisande jentene frå Danmark.

Lokket kunne ikkje haldast på plass lenger. Formannskapspartia

som sov då avtalen vart godkjent i april 1988, vakna

etterkvart. Brigt Kristensen frå RV kravde i bystyret (RV sit

ikkje i formannskapet i Bodø) at kommunen måtte seie opp

avtalen med Joes Garage på grunn av misleghald. Kristensen

viste m.a. til at Joes Garage skulda kommunen 85 000 kroner i

husleige.

Men kravet fekk ikkje støtte hos fleirtalet i bystyret. Det var

særleg dei fremste representantane i Ap si bystyregruppe som

stilte opp til varmt forsvar for disko-gutane. Ordførar Pettersen

og Stig Fossum tordna mot kritikken:

- Det kan synes som om det er igangsatt en vendetta mot

rådmannen og hans sønn. Vi kan frykte motkrav på millionbeløp

hvis vi nå sier opp avtalen, sa Fossum frå Ap i bystyret.

Slik hindra han at avtalen med rådmannssonen vart sagt opp.

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

45

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!