05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

at kommunen trekte tilbake det vedtaket som ga han rett til å

bruke delar av anlegget. Da han anka dette avslaget til Fylkesmannen,

gjorde han i korte ordelag greie for det arbeidet som

denne funksjonæren hadde utført på Saga. I slutten av februar

1990 sendte Jespersen sin advokat eit lengre skriv til Alta

Kommune og til Fylkesmannen i Finnmark. Her namngir han

den funksjonæren som utførte teikning og anna omfattande

arbeid på Saga Gjestehus i 1987, og han omtalar det på ein slik

måte at det skulle vere meir enn nok grunn til å gripe inn for

dei ansvarlege, både i kommunen og hos Fylkesmannen. Dei

same opplysningane hadde Jespersen og arkitekten hans lagt

fram muntleg for Alta kommune på eit møte i desember 1989,

der bl.a. Ole K. Sara var til stades.

Advokaten skriv for eksempel at «med byggemelding ble

det ikke samtidig søkt om ansvarsrett. Dette var vel heller ikke

nødvendig. Det var jo herr NN som selv stod for utbygging...

Herr NN var regelmessig med - såvidt skjønnes frem til årsskiftet

1987/88. Av en eller annen årsak ble NN så borte. Herr

Jespersen har for så vidt gitt meg informasjon som muligens

kan klarlegge her. Dette får jeg eventuelt komme nærmere tilbake

til.»

Eit minimum ville ha vori at kommunen sjølv - eller Fylkesmannen

- sørga for å ta denne funksjonæren vekk frå vidare

handtering av Saga-saka.

Det er i alle fall klart at både den politiske og administrative

leiinga har vori kjent med påstandane om ureglementert handlemåte

frå ein av dei tilsette. Både bygningssjefen, reindriftssjef

Ole K. Sara som er leiar i Teknisk Hovudutval, og formannskapet

- under leiing av ordførar og seinare varaordførar Odd Arne

Rasmussen - har hatt god tid på seg til å gripe inn.

Det er Arbeidarpartiet som styrer Alta kommune. Med reint

fleirtal i kommunestyret, i formannskapet og i kvart einaste av

dei sju politiske utvala, så kan dei gjere nesten kva dei vil. Men

dette fritar ikkje dei andre for ansvar. Det er heile formannskapet

som organ som er pålagt tilsynplikt etter kommunelovas

§ 21 og som derfor bl.a. skal sjå til «at kommunens arbeider og

gjøremål blir fremmet på en tjenlig måte for kommunen». Det

ligg ei tung plikt på ordføraren som skal sørge for å leggje opp

95

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!