05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

ikkje nok plassar til alle som kjøpte seg leilighet i kvartalet, og

plassane vart selde for 75-90 000 kroner stykket. Men familien

Johansen disponerte to parkeringsplassar som Grønland Byfornyelse

betalte for.

Begge døtrene til Fridtjov Johansen har fått seg leilighet i

Jenssens Have. På eit styremøte i Grønland Byfornyelse 5.

februar 1987 sette Johansen fram ønskje om at selskapet skulle

disponere tre-fire av leilighetene i det planlagte prosjektet. På

ei separat liste over desse leilighetene er den eine dottera til

Fridtjov Johansen, Gro Siri, oppført, saman med mannen til den

andre dottera, Anne Helen. Den tredje personen som figurerer

på lista, er tidlegare Ap-kommunalråd Arne Kvalheim, som no

er direktør for Byhallen. På arket står det at «Egenkapitalen på

de tre ovennevnte leiligheter er innbetalt av Grønland Byfornyelse

A/S». Dokumentet er truleg skrive tidleg i 1987, då byggetrinn

D 1 var aktuelt. Lista er ikkje datert, men undertekna av

«Tove S. Christiansen, referent». Ho jobba for Fridtjov frå nyåret

1987 til august 1988. Tove er kona til dåverande organisasjonssekretær

i Oslo Arbeiderparti, Ivar Christiansen, som er

medlem av bystyret og formannskapet i Oslo.

Kva slags «vennetenester» var det Fridtjov Johansen ville

takke kommunalråden for ved å tilby ei spesiell leilighet og

betale eigenkapitalen for han frå selskapet si kasse? Det som er

sikkert, er at det var dei framtidige leilighetskjøparane i prosjektet,

og kanskje skattebetalarane i kommunen, som var tiltenkt

å betale utgiftene for denne takken.

Det vart likevel ikkje til at Kvalheim fekk den spesielle leiligheta

han var tiltenkt. Den tilhøyrer no AUF-leiar Turid Birkeland.

Far hennar, Einar Sigurd Birkeland, sit i hovudstyret for

Norsk Folkehjelp, der Fridtjov vart tilsett etter konkursen i

Grønland Byfornyelse, og der Ivar Christiansen bg arbeider.

Eigenkapitalen på Birkeland si leilighet er betalt.

Gro Siri Johansen, ho som hadde sommarjobb på kontoret

hos faren, fekk eit avslag på 250 000 kroner på leiligheta si.

Det skjedde ved at Fagbygg ga avslag for arbeid som sto att å

gjere. Mens det går fram av Fagbygg sin kreditnota at avslaget

galdt heile prosjektet, har einkvan i Grønland Byfornyelse gjort

ei endring i originaldokumentet, som fanst der. Det er føyd til

114

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!